Hopp til innhold

– Feil å ikkje kjøpe Fjord1

Ap-avhoppar Gunnvor Sunde meiner det er eit historisk mistak av fylkespolitikarane å ikkje kjøpe heile Fjord1.

Gunnvor Sunde

FEIL: Gunnvor Sunde meiner fylkespolitikarane i fylket bør nytte seg av forkjøpsretten og sikre fullt eigarskap i Fjord1.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det er raudgrønt fleirtal for å la Møre og Romsdal fylkeskommune selje sin del av Fjord1 til sunnmørskonsernet Havila.

Saka skal avgjerast av fylkestinget torsdag, og Gunnvor Sunde, som har brote ut av Arbeidarpartiet, meiner det paradoksalt at dei raudgrøne bidreg til delprivatisering av Fjord1.

– Vi skal nytte forkjøpsretten, kjøpe Møre og Romsdal sin eigardel på 41 prosent. Dette finansierer vi med å ta opp lån i holdingselskapet. Hovudkontoret skal framleis ligge i Florø, vi skal utvikle kompetansearbeidsplassar og dermed få inntekter til drifta av fylkeskommunen. Det er «vinn-vinn-situasjon», men så skal vi gje det vekk, undrar Sunde, som er førstekandidat for Samfunnsdemokratane i haust.

Driv delprivatisering

Eit delt fylkesutval gjekk i førre veke inn for å rå fylkespolitikarane til å halde fast på dagens 59 prosent eigardel i transportverksemda.

Reiarlaget Havila er blitt samde med fylkeskommunen i nord om å overta Møre og Romsdal sine 41 prosent eigardel for 350 millionar kroner .

Sunde skuldar dei raudgrøne for å bidra til å delprivatisere offentleg eigde selskap.

– Fjord1 er ei viktig verksemd, og med 59 prosent eigardel så har vi eit sterkt offentleg eigarskap. Vi har aldri sagt at alle selskap skal vere 100 prosent offentleg eigd, svarar Ap sin fylkesordførarkandidat, Åshild Kjelsnes.

– Gir vekk på billegsal

Sunde meiner Fjord1 kan bli ei svært lukrativ investering dersom fylkeskommunen nyttar forkjøpsretten.

– Dei vil gje vekk på billegsal det sikraste vi har. Det er to ting vi får inntekter frå, det er kraftselskapet vårt SFE og Fjord1. Dei gir oss inntekter i kassa som vi kan bruke til veg, skular, idrettshallar - til drifta av fylket, seier ho.

– Forenklar veldig

Også Kjelsnes har stor tru på Fjord1, men viser likevel til at fylkespolitikarane nyleg gjorde om eit lån på 150 millionar kroner til aksjekapital, og at i tider med store investeringar vil utbyta bli låge.

– Eg tykkjer Gunnvor Sunde forenklar veldig når ho samanliknar transportbransjen med kraftbransjen. Det er to ulike verder. Transportbransjen er fullt konkurranseutsett, men vi har god tru på Fjord1. Det er eit solid selskap som har vist at dei kan konkurrere, og har vore veldig dyktige sidan dei vart etablert for ti år sidan.