Hopp til innhold

Er samd med Havila om Fjord1-sal

Møre og Romsdal fylkeskommune er i boks med salet av aksjeposten på 41 prosent i Fjord1 til Havila.

Bilferja "Selje".

FORHANDLAR OM FJORD1: Havila og Møre og Romsdal er samde om eit sal av aksjeposten på 41 prosent i Fjord1. No er det opp til politikarane i Sogn og Fjordane fylkeskommune om dei vil nytte seg av forkjøpsretten eller ikkje.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Etter mitt syn er Havila A/S den beste eigaren vi kunne ha fått til denne aksjeposten, seier fylkesordførar Olav Bratland i Møre og Romsdal til Sunnmørsposten.

I helga orienterte han medlemmene i fylkesutvalet om avklaringa. Bratland meiner prisen på 362,3 millionar kroner er grei og i samsvar med verdiane i selskapet.

– Men det er ikkje berre prisen som betyr noko. Endå viktigare er at selskapet vert selt til ein aktør som er til det beste for selskapet, tilsette og distriktet, seier fylkesordføraren til avisa.

Sjølv om handelen mellom partane no er avslutta, vil det etter alt å dømme gå om lag tre veker før den endelege avklaringa kjem:

Først då kjem svaret på om Sogn og Fjordane fylkeskommune vil nytte seg av forkjøpsretten.

LES OGSÅ:

Sogn og Fjordane er majoritetseigar i Fjord1, og skal ha ekstraordinært møte i fylkestinget 25. august. Før dette skal forkjøpsretten opp som sak også i eit ekstraordinært fylkesutval 19. august.