Hopp til innhold

Ja til storstilt Fjord1-sal

Fylkeskommunen bør selje 25 prosent av aksjane i Fjord1. Dette tilrår fylkesrådmann Jan Øhlckers.

Jan Øhlckers
Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Fylkesrådmannen held tilrådinga si hemmeleg, men etter det NRK kjenner til går han inn for massivt sal av akjar i Fjord1. Fylkeskommunen eig i dag 59 prosent av aksjane, men får Øhlckers det som han ønskjer, vil fylkeskommunen site igjen med berre 34 prosent av aksjane.

Sikrar hovudkontor i Florø

Dette gjev imidlertid såkalla negativt fleirtal, noko som sikrar fylkeskommunen framleis stor innverknad i selskapet.

-Det betyr at fylkeskommunen som eigar kan hindre fusjon, sal og oppløysing av selskapet. Fylkespolitikarane kan også hindre at hovudkontoret i selskapet blir flytta frå Florø, seier professor Johan Giertsen, ekspert i selskapsrett.

Sunnmøringar vil kjøpe

Reiarlaget Havila AS har inngått avtale om oppkjøp av 41 prosent av aksjane i Fjord1, etter at Møre og Romsdal fylkeskommune nyleg selde seg ut. Havila må ut med 360 millionar kroner for aksjane. Det sunnmørsbaserte selskapet, som i fjor hadde ei omsetning på to milliardar kroner og eit driftsoverskot på 524 millionar, har lenge signalisert at dei ønskjer å kjøpe seg ytterlegare seg opp i Fjord1.

Glad Sævik

Tilrådinga frå Øhlckers blir difor teke imot med glede på Sunnmøre. Dagleg leiar Per Sævik i Havila ønskjer ikkje å kommentere fylkesrådmannen si tilråding, men uttalte i går følgjande på spørsmål om han ønskjer å kjøpe seg ytterlegare opp i Fjord1:

-For oss er Fjord1 eit veldig interessant selskap, men det er ikkje vi som sit med nøkkelen til å bestemme dette.
-Sogn og Fjordane krev at hovudkontoret skal liggje i Florø. Kva seier du til det?
-Dette er det inga usemje rundt. Eg var sjølv i Florø nyleg og såg på fasilitetane der. Hovudkontoret ligg trygt og godt der, seier Sævik.

Kan få 200 millionar

Saka skal opp i fylkesutvalet komande fredag og avgjerast av fylkestinget i Sogn og Fjordane den 25. august. Sentrale politikarar i den raudgrøne blokka, som har fleirtal i fylkestinget, har signalisert at det er lite truleg at dei vil kjøpe opp heile aksjeposten i transportselskapet.

Det store spørsmålet no blir om det blir fleirtal for å selje seg ned, slik fylkesrådmannen tilrår. Fylkeskommunen vil kunne få om lag 200 millionar kroner dersom det blir fleirtal for å selje 25 prosent av aksjane.