Hopp til innhold

Han går for sal av Fjord1 til Torghatten

Den langvarige striden om eigarskapen i Fjord1 kan nærme seg ein ende. Fylkesrådmann Tore Eriksen anbefaler politikarane å selje selskapet til Torghatten.

MF Selje og Tore Eriksen

«Sogn og Fjordane fylkeskommune sel aksjane i F1 Holding AS til Torghatten ASA.» Slik startar innstillinga frå fylkesrådmannen. Men strid om forkjøpsretten kan by på problem.

Foto: Rune Fossum / Arne Stubhaug / NRK

– Eg innstiller på at fylkeskommunen sel seg ned i ein overgangsperiode, og blir ståande som medeigar i tre, fire år. Deretter har vi sikra oss ein exit som gjer at vi kan gå heilt ut av selskapet, seier Eriksen til NRK.

«Sogn og Fjordane fylkeskommune sel aksjane i F1 Holding AS til Torghatten ASA. Salet inneber eitt trinnvis sal av aksjane ved at fylkeskommunen først sel 50 % av aksjane, medan Torghatten får ein rett (opsjon) til å kjøpe resterande 50 % tidlegast 1. januar 2017», står det i innstillinga frå Eriksen.

– Eg trur det er til fordel for selskapet, og veit at det vil kunne forbetre fylkeskommunen sin økonomi i betydeleg grad. Vi har i dag låst veldig mykje kapital i Fjord1 og har fått eit veldig godt bod. Vi vil kunne få tilført såpass mykje pengar til fylkeskommunen at vi vil kunne betre utsiktene våre betydeleg. Det synest eg vi skal nytte oss av.

Mogleg rettsstrid

Fylkeskommunen eig 59 prosent av Fjord1 gjennom sitt holdingselskap F1 Holding. Per Sævik og Havila eig 41 prosent. Han har forkjøpsrett på aksjane i Fjord1.

– Vi aktar å bruke forkjøpsretten vår. Dersom fylkeskommunen neglisjerer dette, vil saka gå til retten, om naudsynt heilt til Høgsterett, fortalde sunnmøringen Sævik til NRK i dag tidleg.

Men fylkeskommunen legg opp til å selje holdingselskapet, og meiner tilsynelatande difor forkjøpsretten ikkje gjeld. Fylkesrådmannen vil ikkje kommentere dette.

– Eg meiner vil har rimeleg god kontroll på den biten, men eg vil ikkje kommentere det offentleg. Det må vi ta i fylkesutvalet på måndag, seier Eriksen.

– Sævik meiner det er heilt klart at dei har forkjøpsrett, er du redd for ein langvarig rettsstrid?

– Du spør ein gong til, og eg føler eg har svart på det. Eg vil ikkje gå nærmare inn på det, seier fylkesrådmannen.

Stort overskot dei komande åra

Prognosar som Fjord1 la fram for kort tid sidan, anslo eit overskot på nær ein og ein halv milliard kroner innan tre år.

– Vi har registrert dette, og det betyr at tilboda vi har henta inn har auka betydeleg. Den verdiauken som er ein realitet, meiner vi å kunne ta ut gjennom eit sal. Fjord1 går godt i dag, og har gode og relativt sikre kontraktar til rundt 2018. Uvissa er betydeleg etter det. Vi, som relativt liten fylkeskommune, bør unngå den, seier Eriksen.

– Her er det snakk om å anten ta ein sjanse på å tene enno meir, eller sikre ei stor inntekt på kort sikt. De tek den trygge vegen ut?

– Ja, vi vel å kombinere fleire alternativ. Vi reduserer eigarskapen, men blir ståande i selskapet i det vi definerer som gode og relativt sikre år. Og når den perioden er ute, har vi sikra oss ein exit som vil kunne gi oss ein ytterlegare salsvinst, seier rådmannen.

Trygg på at arbeidsplassane blir i fylket

Torghatten ASA med hovudkontor i Brønnøysund er eit av dei største transportkonserna i landet med ei årleg omsetning på ca. 8,2 milliardar kroner og om lag 4500 tilsette. Hovudverksemda er innanfor transport på sjø, på land og i lufta.

Fjord1 har 1300 tilsette og omsette i fjor for 2,3 milliardar kroner. Hovudkontoret ligg i Florø. I saksutgreiinga skriv fylkesrådmannen at Torghatten er positivt til å ivareta interessene til fylkeskommunen, mellom anna ved å halde hovudkontoret i Florø og halde arbeidsplassane i fylket.

Det er eit stykke att til eit sal kan bli realitet. Fylkesutvalet skal først handsame saka, før Fylkestinget har den endelege avgjerda.

NRK oppdaterer saka.