I dag er om lag halvparten av oppdraga til dei gamle Sea King-maskinene reine ambulanseoppdrag, samstundes set motorhavari og delemangel dei over 40 år gamle maskinene stadig på bakken.
– Kanskje det hadde vore lurt å skaffe fleire luftambulansehelikopter for å ta det behovet som er innafor helsetenesta, seier Solberg.
- LES OGSÅ:
Fiskarar i havsnaud
Då to fiskarar var i havsnaud utanfor Sogn og Fjordane, måtte nok ein gong Hovudredningssentralen innsjå at dei ikkje får hjelp frå det 42 år gamle redningshelikopteret.
Helikopteret var med i søket, men fekk tekniske problem og måtte lande i Florø. Der blei den ståande, noko som gjorde at det ikkje var redningshelikopter mellom Florø og Rygge.
Mange timar utan helikopter
I kveldens Brennpunkt-dokumentar på NRK1 kjem det fram at dei seks redningsbasane i Norge i fjor hadde til saman 847 timer utan flygedyktig helikopter på basane.
I tillegg kjem periodar med redusert beredskap. No tek redningsleiar Stein Solberg til orde for å avgrense bruken av dei gamle redningshelikoptera. I dag er kring 50 prosent av oppdraga vanleg luftambulanse.
– Ved å skaffe fleire luftambulansar, kunne vi spart på Sea King-en og i alle fall laga moglegheita større for at det ikkje går på ein smell dei siste åra, seier Stein Solberg.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Krevjande å halde i lufta
Verst er stoda på basen i Florø, som ikkje har reservemaskin. Her har ein enkelte veker hatt over 40 timar utan helikopter i drift.
– Det byrjar å bli gammalt og krevjande å halde helikopteret i lufta, sa Svein Tore Pettersen, sjef for Forsvaret sin 330-skvadron, i eit intervju med NRK allereie i 2011
Og 330-skvadronen sine årsrapportar talar sitt klare språk. For kvart år aukar vedlikehaldskostnadene på dei gamle Sea King-maskinene.
– Den største utfordringa i dag er deleleveransen, og det faktum at det tek mykje tid å skru på så gamle maskinar, seier Pettersen.
- LES OGSÅ:
– Eit skrekkscenario
Etter 25 år og fem lange utgreiingar, den siste til 100 millionar kroner, har regjeringa tinga 16 nye redningshelikopter. Dei gamle må likevel gjere jobben til 2020.
I redningsaksjonen utanfor Solund hadde truleg ikkje redningshelikopter spelt noko stor rolle. Men frykta for framtid svikt, er der.
– Får vi samanfall av fleire ting, som at det er berre den ressursen tilgjengeleg, men så var den ikkje det likevel. Det er skrekkscenarioet, men bank i bordet, så har vi ikkje vore der. Og vi ønskjer ikkje komme dit heller, seier Stein Solberg.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Heile historia om kvifor Norge må fly Sea King i 50 år, får du i kveldens Brennpunkt på NRK1 klokka 21:35. Du kan også sjå programmet i nett-TV.