NRK Meny
Normal

Ulukkeshelikopter kan bli redningshelikopter

Trass fleire ulukker med Super Puma-helikopter på britisk sokkel dei siste åra, er framleis merket høgaktuelt for jobben som norsk redningshelikopter.

Super Puma-helikopteret i sjøen

Dette Super Puma-helikopteret måtte naudlanda utanfor Shetland i oktober i fjor. Dette førte til at dei norske helikoptera av same type blei sette på bakken.

Foto: Coast Guard / ITN

Sea King

Dei gamle Sea King-helikoptera frå 70-talet er i ferd med å gå ut på dato, og skal derfor bli erstatta av 16 nye helikopter.

Foto: Jon Vaag Eikeland / Forsvaret

I haust skal regjeringa kjøpa inn 16 nye redningshelikopter for nesten 17 milliardar kroner. Helikoptera skal erstatta dagens Sea King-redningshelikopter, som er meir enn 40 år gamle.

På lista over aktuelle helikopter er det nå to namn att; AW101 og EC225.

Det sistnemnde er også kjent som Super Puma. Ein maskin som har vore involvert i fleire ulukker, og som inntil nyleg hadde flygeforbod på grunn av ei ulykke utanfor Shetland i oktober i fjor.

Ny ulukke førre veke

Bjørn Ivar Aarseth

Bjørn Ivar Aarseth leiar redningshelikopterprosjektet, NAWSARH-prosjektet for Justis- og beredskapsdepartementet.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

– Me jobbar nå intenst med evalueringa av dei to kandidatane som står att. Me veit sjølvsagt at EC 225 var ute av drift, og at dei fekk på plass tiltak som førte til ei løysing. Det er dessverre ikkje uvanleg, seier Bjørn Ivar Aarseth som leiar redningshelikopterprosjektet, NAWSARH-prosjektet for Justis- og beredskapsdepartementet.

Og det skulle ikkje gå lang tid før endå ein Super Puma fekk problem, denne gong ein L2 variant. Fredag døde fire menneske då helikopteret havarerte, også denne gong utanfor Shetland. Dei skulle fraktast frå den norskeigde plattforma Borgsten Dolpin til land.

Dette var den tredje alvorlege helikopterulukka på britisk sektor på litt over eitt år.

Aarseth seier at NAWSARH-prosjektet følgjer situasjonen nøye.

– Likevel er det slik at dette umiddelbart ikkje har noko å sei for denne evalueringa, seier han.

– Flyr godt på norsk sokkel

Ketil Karlsen i Industri Energi var tidlegare med i LO sitt helikopterutval, og har jobba mykje med tryggleiken for dei som bruker maskinane kanskje aller mest, nemleg oljearbeidarar.

– Fram til den siste ulukka på Shetland, har eg ikkje tenkt så mykje på tryggleiken rundt Super Puma, for den flyr jo godt på norsk sokkel, seier Karlsen.

At to variantar av Super Puma har hatt så mykje problem gjer han uroleg. Han lurer spesielt på kvifor EC225-maskinen ikkje blei kasta ut frå konkurransen, då den blei sett på bakken.

– Me er spesielt urolege over at den blir att i konkurransen på eit tidspunkt den har flyforbod, seier Karlsen.

Super Puma-helikopter CHC

Eit av CHC Helikopterservice sine Super Puma-helikopter i Norge.

Foto: CHC

– Ikkje tilfeldig

Det er i haust NAWSARH-prosjektet må ta ei avgjersle.

– Kva må til for at ein endrar på avgjersla?

– Me må sjå på kva som kjem ut av dette, og kva slags tiltak dei sett inn. Slik me ser det er Super Puma eit trygt helikopter med fleire millionar flytimar bak seg, derfor har dette per nå ingenting å sei, seier Aarseth.

For Karlsen i fagrørsla er det viktigast at tryggleiksregimet ein har i Norge blir følgd for at kvart helikopter skal vera trygt.

– Det einaste me ser av skilnad mellom oss og Storbritannia er kultur. Det er same maskinane og same selskapa, men kulturen i Norge er meir transparent, og det er kanskje det som må til for at me tar dei riktige vala. For med så mange ulukker som det har vore på britisk sektor, er det ikkje tilfeldig, seier Karlsen.