Hopp til innhold

Fryktar storflaum på Veitastrond

Flaum har gjort store skadar på veg og bru på Strondi på Veitastrond i Luster.

Flaum over brua til Nyestølen

FLAUM: Elva fossar over brua til Nyestølen ved Tungestølen i Luster.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eldre folk eg har snakka med seier dei aldri har sett Storelva så stor som no, seier Bjørn K. Skovly.

Denne helga har styresmaktene gått ut og åtvara om stor flaumfare på deler av Vestlandet. Det er venta storm og rundt 180 millimeter nedbør på 48 timar.

– Så langt er det ikkje nedbøren som har skapt problem for oss, men snøsmelting i fjellet gjer at elvane går flaumstore, seier Skovly.

Meir i vente

Skovly har i føremiddag vore ut og målt vasstanden i Veitastrondsvatnet. Allereie før det kraftige regnvêret som er venta har slått til, er det berre sju centimeter igjen til det som er høgste regulerte vasstand i Veitastrondsvatnet.

Laurdag ettermiddag kan Skovly sjå at vatnet har stige 24 centimeter på seks timar. Dei er spente på kva som skjer når regnet kjem.

Bjørn Skovly

SPENT: Bjørn K. Skovly og innbyggarane på Veitastrond er spente på kor mykje nedbør som kjem til å kome det neste døgeret.

Foto: Optimisten

– Vi er uroa for det. Kjem det 180 millimeter på 48 timar slik det er meldt så betyr det at vasstanden kjem til å stå ein meter over det som er høgste regulerte vasstand. Det betyr at det kjem til å bli flaumskadar på ein del eigedommar og hus på Veitastrond, seier Skovly.

– Har de oversikt over kor mykje skadar flaumen i elva allereie har gjort?

– Det er vanskeleg å seie, men det vi ser er at det er grave ut høvesvis mykje massar og vi veit at vegar er øydelagde, men kor store skadane blir på bruene og slikt det veit vi ikkje sikkert før vatnet går ned igjen, seier Skovly.

Tappar alt dei kan

Hjå Sognekraft, som har ansvaret for reguleringa av Veitastrondsvatnet, tappar dei no alt dei kan for å unngå flaum. Men produksjonssjef Jacob Hornnes vedgår, når NRK snakkar med han like før klokka 14, at dei ikkje klarar å halde unna for dei store vassmengdene som no kjem.

Jacob Hornnes, omsetnings- og produksjonssjef i Sognekraft

TAPPAR DET DEI KAN: Jacob Hornnes er Omsetnings- og produksjonssjef i Sognekraft.

Foto: Privat

– No ligg vi nok over det som er høgste regulerte vasstand. På siste målinga som vi gjorde for ein time sidan var det to centimeter igjen.

I løpet av føremiddagen seier han det har det kome 33 millimeter med nedbør på Veitastrond. Det kjem i tillegg til all snøsmeltinga i fjellet.

– Burde de ha starta nedtapping av vatnet på eit tidlegare tidspunkt?

– Det kan ein jo alltids spekulere i, men vi byrja å sleppe ut vatn i går når vi såg kor heftige vêrmeldingane var. Når ein kjenner fasiten så kan alltids seie at vi kanskje burde har gjort ting annleis, men vi køyrer ansvarleg i forhold til den konsesjonen vi har, seier Hornnes.