Hopp til innhold

Fryktar gamlevegen ikkje blir utbetra

Når nye E39 skal byggast, er politikarane i Nordfjord redde for at den gamle hovudfartsåra skal bli nedprioritert.

Ketil Solvik-Olsen på tur gjennom fylket

MÅTTE SVARE: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) er for tida på tur gjennom fylket. Her må han svare på spørsmål om framtida til hovudfartsåra mellom Byrkjelo og Sandane. (Video/redigering: Ole André Rekkedal/NRK)

Det er allereie bestemt at den nye traseen for E39 skal bli lagt om Stryn i framtida. Men det er langt fram. Og i mellomtida fryktar både politikarar og innbyggjarane gamlevegen skal bli gløymt.

Delar av vegen mellom Byrkjelo og Sandane held same standard som for hundre år sidan.

– Problemet er at dette vil vere E39 i mange år framover. Her må det raskt komme tiltak på dei verste flaskehalsane, seier Alfred Bjørlo, ordførar i Eid.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Gullkista før og no

FØR OG NO: Biletet til høgre er frå 1936 og viser at lite har blitt gjort for å utbetre vegen mellom Byrkjelo og Sandane.

Foto: Montasje / NRK

Samferdselsminister Kjetil Solvik Olsen (Frp) køyrer no Vestlandet frå nord til sør for å lytte til folket. Anniken Rygg (H) seier innbyggjarane i Nordfjord ikkje kan vente til den nye vegen står klar.

– Dette skal vere E39 heilt til den nye traseen står ferdig. Eg trur vi snakkar ti år før det skjer, seier ho.

– Vi fryktar at dette skal bli den gløymde vegen.

Statsråden er einig i at vegen burde bli betre, men kan ikkje love noko.

– Vi jobbar for å sjå kva vi kan framskunde av ulike vegprosjekt, her er det viktige at vi får planlagt strekningar. Og så blir det å sjå fram mot den neste Nasjonale transportplan, som vi jobbar med no.