Hopp til innhold

Fryktar arbeidsplassar vil gå tapt

Elkem Bremanger stussar over Sogn og Fjordane Energi sin søknad om å omklassifisere kraftlinjene i fylket til det lokale distribusjonsnettet.

Elkem Bremanger

USIKRE TIDER: Elkem sitt verk på Bremanger har 240 tilsette. Auka nettleige kan få store konsekvensar for bedrifta.

Foto: Bård Siem / NRK

– Dersom SFE får igjennom søknaden vil store kostnadar som i dag vert betalt av nettkundar i heile landet måtte dekkast inn av SFE sine kundar lokalt. Dette vil auke nettkostnadane endå meir, seier kommunikasjonsdirektør i Elkem, Kristin Karlstad.

Kristin Karlstad

KOSTNADSAUKE: Kommunikasjonsdirektør i Elkem, Kristin Karlstad seier det vil vere ei ulempe for både Elkem og andre kundar om kraftlinjene i fylket blir omklassifiserte.

Ho reagerer etter at vi tidlegare i dag publiserte ei nettsak der nettdirektør i SFE, Asgeir Aase, sa at han synest det er urettferdig at kundane deira må betale for utbetring av kraftlinja når mesteparten av straumen vert sendt austover eller eksportert.

Karlstad synest dette er eit rart utspel av SFE sidan dei nyleg har sendt inn ein søknad til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om å omklassifisere dagens transmisjonslinje (sentralnett) i fylket til lokalt distribusjonsnett.

– Vi fryktar ein kostnadsauke. Berre små endringar vil får store konsekvensar for oss, seier Karlstad.

Treng ikkje å bli dyrare

Asgeir Aase i SFE

LOGISK: Nettdirektør i SFE, Asgeir Aase synest det er rett og rimeleg at dei skal fortsette å eige og drifte kraftlinjene i Sogn og Fjordane.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Transmisjonslinjene er dei nasjonale kraftlinjene, mens distribusjonsnettet er lokale kraftlinjer som er eigd av lokale operatørar. Nettdirektør i Sogn og Fjordane Energi (SFE), Asgeir Aase seier han håper dei skal klare å halde nettleigeprisane nede om søknaden går igjennom.

– Dersom ting fell på plass sånn som vi ønskjer og vi får behalde både innmatingsinntektene og nettet så kjem det ikkje til å bli noko prisauke, seier nettdirektør i SFE, Asgeir Aase.

Men dette er altså noko usikkert.

– Dersom styresmaktene vrir det til slik at inntektene frå produksjon i det same nettet skal gå til det nasjonale nettet, kan det nok kome ein prisauke, seier Aase.

Ei usikker tid

Audun Åge Røys

UROA: Ordførar i Bremanger, Audun Åge Røys er uroa for å misse arbeidsplassar om nettleiga blir dyrare.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Ordførar i Bremanger, Audun Åge Røys, likar uvissa dårleg og er uroa.

– Om SFE aukar nettleiga går vi ei usikker framtid i møte. For industrien sin del er dette ein uheldig situasjon. Dei er avhengige av låge prisar for å få behalde arbeidsplassar og ekspertise, seier Røys.