Hopp til innhold

Produksjon av hydrogen kan bli ei gullgruve

Norge flyt over av rimeleg vasskraft og overskotskrafta kan brukast til å lage hydrogen ved hjelp av straum og vatn. Elisabeth Kjerstad Bøe trur fylket har eit stort potensial.

Hydrogen kan bli ei gullgruve

FRAMTIDA: Elisabeth Kjerstad Bøe i hydrogenprosjektet i Sogn og Fjordane trur fylket har eit stort potensial i hydrogen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi har eit næringsliv i fylket som har fortrinn innanfor dei bransjane der det vil vere aktuelt å ta i bruk hydrogen, seier Kjerstad Bøe i hydrogenprosjektet i Sogn og Fjordane.

Fossane våre renn bokstaveleg tala over av rein energi. Ofte produserer dei meir straum enn det vi klarar å bruke.

No håpar mange at å lage hydrogen av overskotskrafta skal skape nye inntekter. For klimautsleppa skal ned, og skal ein nå måla må truleg alt som rullar på vegane vekk frå fossilt brensel. Det meiner professor Asgeir Tomasgard ved NTNU.

Hydrogen kan bli gullgruve

PROFESSOR: Asgeir Tomasgard ved NTNU.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det viser alle berekningar. Skal vi nå målsetjingane innan 2050 kan vi ikkje ha utslepp i transportsektoren. Min spådom er at i Norge vil det ikkje vere mykje utslepp igjen i transportsektoren i 2030, seier Tomasgard.

Store endringar

Får Tomasgard rett vil lyden av rusande bensinmotorar forsvinne raskare enn mange anar. Bilprodusentar som til dømes Toyota har hoppa bukk over elbil på batteri og satsar utelukkande på hydrogen.

– Det er vanskeleg å seie kva teknologi som vil vinne på sikt. Men fram mot 2030 vil vi måtte ta i bruk det vi kan ta i bruk, og då trur eg hydrogen vil spele ei rolle, seier Tomasgard.

Dei neste to åra skal hydrogenprosjektet i Sogn og Fjordane, som er eigd av fylkeskommunen, samarbeide med næringslivet for å finne ut kor ein kan tene pengar på hydrogen. Kjærstad Bøe meiner det finst eit stort potensial.

– Eg har verkeleg tru på at næringslivet i Sogn og Fjordane kan ta ein leiande posisjon, seier ho.

Småkraft

Småkraftnæringa har for lengst fått augene opp. Dagleg leiar Knut Olav Tveit i Småkraftforeininga veit at mange småkraftverk i dag strevar med låge prisar.

– Kraftprisane er veldig låge. Ikkje minst for småkrafta som produserer når alle andre produserer. Hydrogen kan bli ein veldig interessant måte å auke verdien på krafta på.

Men alt er ikkje berre enkelt. Hydrogen er ein mindre effektiv måte å skaffe energi til bilar på enn å lade opp eit batteri.

Hydrogen kan bli gullgruve

DAGLEG LEIAR: Knut Olav Tveit

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det betyr at med dagens teknologi trengst det meir straum for å produsere eit visst tal kilometer på vegane. Men Tveit meiner det ikkje er noko hinder.

– Ser du på morgondagens energisystem i Norge så blir ikkje mengda av energi problemet. Problemet blir å lagre energien for bruk når du treng den. Og då vil hydrogen spele ein heilt avgjerande rolle.

Først ut i Årdal

Tveit ser for seg produksjonseiningar for hydrogen plassert vegg i vegg med kraftstasjonane. Då sparar ein mellom anna nettleige, og kan med tankbilar raskt frakte hydrogen til lokale fyllestasjonar.

For ein månad sidan kunne NRK fortelje om planar om hydrogenproduksjon i dei tomme Dooria-lokala i Årdal. For medan småkraftselskapa tenkjer kortreist hydrogen trur NTNU-professor Tomasgard at gassen kan bli ein eksportartikkel i framtida.

– Eitt av landa som har snusa på hydrogenproduksjon i Norge, er Japan, seier han.

Hydrogen kan bli gullgruve i fylket

Laurdag vart hydrogenbilen Toyota Mirai vist fram under opninga av Toyota Førde sitt nyanlegg. Dagleg leiar Stein Vidar Vie meiner hydrogenbilar er framtida.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK