Hopp til innhold

«Ho skreik seg heilt tom for luft og blei livlaus»

Rett etter frukosten på julaftan byrja den eitt år gamle dottera Kristense å skrike. Så blei ho brått blå rundt leppene og heilt livlaus. For foreldra blei starten på julefeiringa eit mareritt.

Bjarte Myklebust og dottera på sjukehuset

FEKK ANFALL: Kristense og pappa Bjarte på sjukehuset i Førde. For trebarnsfaren blei julaftan ei skremmande oppleving.

Foto: Privat

Det er 24. desember i den vesle bygda Ålfoten ved Nordfjorden. Bjarte Myklebust, kona Hilde og dei tre borna har akkurat gjort seg ferdig med frukosten.

– Då vi var ferdig med det så skulle vi førebu resten av dagen Eg dekka bordet, kona skrella poteter og dei tre ungane våre leika. Alt låg an til at det skulle bli ein veldig flott dag, så brått byrja den yngste jenta vår å skrike veldig. Ho skreik seg heilt tom for luft og blei livlaus. Ho blei heilt blå rundt munnen.

Det fortel far Bjarte til NRK, to dagar etter at han skreiv eit innlegg på Facebook om hendinga. Eit innlegg som har fått mange til å reagere no i jula.

– Vi for ut med ho, for å berge ho og skjerme dei andre ungane. Det var då vi skjønte alvoret. Ho var framleis blå rundt munnen og livlaus og vi trudde ho skulle kome til å døy i armane våre. Det var ei utruleg sterk og tung oppleving. Vi ringde 113 så fort som råd var.

Frakta med helikopter til sjukehus

Det blei lange minutt å vente medan mor snakka med operatøren på 113 og far Bjarte prøvde å få liv att i dottera Kristense.

– Ho byrja å puste igjen etter ei stund og byrja å dette vekk og var heilt i si eiga verd. Vi var sikre på at noko var alvorleg gale. Å stå der å vere så hjelpelaus og berre høyre kor langt helikopter og ambulanse var unna var veldig spesielt. Det var mange tankar som for igjennom hovudet, fortel Myklebust.

Etter kvart byrja dottera å skrike og fekk luft igjen. Då ambulansen kom opp på tunet kvikna ho etter kvart til og søkte kontakt både med far og ambulansepersonalet. Dei blei så frakta til sentralsjukehuset i Førde der legar undersøkte jenta og slo fast at ho hadde hatt eit såkalla affektanfall og at ho ville bli heilt frisk igjen.

Råkar mange små born

Personalet på sjukehuset forklarte at dette er noko som kan ramme mange småbarn. Dei skrik seg rett og slett tomme for luft i rein affekt. For småbarnsforeldre kan dette vere svært skremmande opplevingar, sjølv om det ikkje er livsfarleg.

– Affektkrampe er ein spesiell måte å reagere på som vi kan sjå hos elles heilt friske born. Den kan bli utløyst av smerte, sinne eller frustrasjon, seier helsesøster Hege Christine Sørensen til nettstaden klikk.no.

For foreldra i Ålfoten blei julaftan noko heilt anna enn det dei hadde sett føre seg på førehand. Mor køyrde til sjukehuset i Førde og henta Bjarte og dottera, som var like blid igjen.

– Det set ting veldig i perspektiv. Vi hadde jo kava litt med å bli ferdige til jul og for at dagen skulle bli ei fin oppleving. Akkurat i det vi sette oss ved julemiddagen så sette kyrkjeklokkene inn. Det var ganske sterkt.