Hopp til innhold

Frp-politikarar i full krangel om kva sjukehus nordfjordingane bør bruke

Frp-politikarane Lars Svein Drabløs og Svein Hansen har hamna i full sjukehuskrangel. Medan Drabløs oppmodar nordfjordingane til å slutte å bruke Volda sjukehus, slaktar partifellen Hansen utspelet.

Lars Svein Drabløs og Svein Hansen

FRP-KRANGEL OM SJUKEHUS: Lars Svein Drabløs og Svein Hansen.

Foto: ERlend Blaalid Oldeide/Heidi Lise Bakke / NRK

– Eg ser jo det at han tek mål av seg til å bli fylkesleiar og då er vel dette eit utspel for å prøve å samle røyster. Men det utspelet, kjem til å bli slakta i Nordfjord, seier Svein Hansen.

Mange nordfjordingar har byrja å bruke sjukehuset i Volda etter at Kvivsvegen opna og etter at sjukehustilbodet på Nordfjordeid vart kraftig redusert.

Fire av 10 føder i Volda

Tal frå i fjor viser mellom anna at fire av 10 nordfjordkvinner reiser til Volda for å føde. Leiar i Eid Frp, Lars Svein Drabløs, har liten sans for dette og oppmoda i går nordfjordingane om å kutte ut Volda sjukehus. Partifellen Hansen, som også er leiar for sjukehusaksjonen i Nordfjord, er på si side oppgitt over utspelet frå Drabløs.

– Det må vere pasientane sitt ve og vel som må vere avgjerande og ikkje spel andsynes politikken som skal regulere dette, seier Hansen

Drabløs avviser kritikken frå Hansen.

– Svein Hansen må meine det han vil, og eg meiner det eg vil.

Slå ring om Helse Førde

– Det beste alternativet vårt er å slå ring rundt det vi har i Helse Førde, seier Drabløs.

Både du og Svein Hansen er Frp-politikarar i Nordfjord, men er rykande usamde?

– Det er ikkje uvanleg at ein er usamde om strategiske val sjølv om ein kjem frå same parti

– Eg trur eg vil gi Drabløs det rådet at han byrjar å snakke med folk på grasrota i Nordfjord. Dersom situasjonen var slik at det ville vere best å reise til Volda, så ville kanskje også han ha valt det, dersom det stod om livet, seier Hansen.