Hopp til innhold

Nordfjordkvinner føder i Førde

Nordfjordkvinnene er kvalitetsbevisste og vil ha fleire alternative tilbod under fødselen.

Førde sentralsjukehus

HAR FLEIRE TILBOD: Ved sentralsjukhuset i Førde har fødande kvinner tilbod om lystgass. Det vil nordfjordkvinnene ha.

Foto: Arne Stubhaug

– Vi er opptekne av å bygge eit system som gir god kvalitet i forhold til fødsel og svangerskapet i Sogn og Fjordane, og det kan vere eit resultat av det, seier avdelingssjef ved Kvinneklinikken i Førde.

Aggresjonen mot helsetoppane i Førde var så sterk etter at fødeavdelinga på Nordfjordeid vart nedlagt i 2012, at det for fleire nordfjordingar var uaktuelt å nytte sjukehustilbodet i Førde.

Aggresjonen har minka

Sjølv om Volda sjukehus ligg nærast, vel 62 prosent av nordfjordkvinnene å føde i Førde. Året før valde fleirtalet å føde i Volda.

Lars Svein Drabløs, leiar i Eid framstegsparti og forkjempar av sjukehuset på Nordfjordeid, seier aggresjonen mot Førde har minka.

– Ein del av den striden som har vore rundt sjukehuset på Eid gjer at folk har eit litt anna syn på sjukehuset i Førde enn dei har hatt før.

Det at fødetilbodet i Førde har status som kvinneklinikk, medan Volda berre har vanleg fødeavdeling, er ei medverkande årsak til at stadig fleire vel Førde trur Guldhav.

Tom Guldhav er nøgd med fødselstala

KVALITET: Avdelingssjef ved Kvinneklinikken i Førde, Tom Guldhav, trur at kvalitet ved fødetilbodet i Førde gjer at fleire nordfjordkvinner vel å føde i Førde.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det gjer at også dei kvinnene som føder for tidleg kan føde her. Det krev at ein har både spesialist, lege i spesialisering og barnelege. Det komme på plass i løpet av dei tre siste åra.

Guldhav seier at sjølv om avstanden blir lengre ved å velgje Førde, er det blitt kompensert med jordmor i nærleiken i vakt og ved at følgjetenesta er blitt meir velfungerande.

Ikkje tilbod om lystgass i Volda

Medan det var 481 fødslar ved fødeavdelinga i Volda i fjor, var det heile 910 fødslar ved kvinneklinikken i Førde.

Haldis Nilsen, seksjonsleiar ved fødeavdelinga i Volda, trur kvinnene vel Førde på grunn av tilbod om lystgass.

– Slik vi har forstått det vel kvinnene Førde fordi dei har tilbod om lystgass, men det har ikkje vi. Vi har ikkje hatt det etter at Arbeidstilsynet stengde av tilbodet på grunn av strenge krav til utslepp av gassen.

Det at sjukehuset i Førde også har ei eiga barneavdeling gjer at fleire vel Førde, trur Guldhav.

– Det at ein har barnelege på vakt og det at ein har ein nyfødd intensivavdeling er ein ekstra tryggleik.