Hopp til innhold

Neste veke bur dei seg på fødeboom - no er dei inne i årets travlaste månad

Til no i juli har 41 born sett dagens lys ved fødeavdelinga ved Førde sentralsjukehus. Neste veke ventar dei ein fødeboom. Ifølgje prognosane skal 101 born verte fødde i juli.

Seksjonsleiar Kjellaug Fredly

VELKOMNE: - Ingen fødande treng å vere redde for at vi ikkje har kapasitet. Uansett kor travelt det skulle bli, skal vi ta unna. Her skal dei kjenne seg trygge, seier seksjonsleiar ved kvinneklinikken ved Førde sentralsjukehus, Kjellaug Fredly.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Ser vi på tala over dei som er venta å ha termin i næraste framtid, så er det venta flest fødslar i veke 30, ja. Men det treng ikkje bli slik. Vi seier at å føde alt frå tre veker før til to veker etter er heilt normalt, seier seksjonsleiar ved kvinneklinikken ved Førde sentralsjukehus, Kjellaug Fredly.

Men at neste veke vert travel, er det mykje som tyder på. Og tempoet på føden har til no i juli også vore over snittet høgt.

– Eg trur vi har vore oppe i fem fødslar på eitt døgn den siste tida. Men det varierer. Og det er litt av sjarmen med å jobbe på ei slik avdeling. Ein veit aldri kva dagen bringar, seier Fredly.

Er store variasjonar

For plutseleg kan det stå fire fødande som bankar på døra til fødeavdelinga samstundes, og så kan det vere stilt i mange timar.

– Ei vakt kan starte roleg, og plutseleg kjem det ein heil masse. Men så kan det roe seg til dagen etterpå. Vi får ikkje noko jamn fordeling, seier Fredly.

– Per i dag har vi mellom 10 og 15 damer her i dag. Fleire av dei har fødd dei siste dagane. Og så ventar vi inn nokre som skal setjast i gang i dag på grunn av at dei har gått over tida, seier Fredly.

Juli er den absolutt travlaste månaden i året for dei som jobbar ved fødeavdelinga på sjukehuset. Det syner statistikken svart på kvitt.

– Ser vi tilbake til 2010, så er det registrert flest fødslar i juli. Også i 2009 var det mange fødslar i juli, men det var 11 fleire i september det året. Det syner seg at dette er ein månad der mange får born, seier Fredly.

Planlegg for barnehageopptak

Ho peikar på at det også er ein trend som ein ser i resten av landet. Det er nok fleire grunnar til dette, men ei hovudårsak er at ein er sikra barnehageplass dersom barnet kjem til verda før 1. september.

Sidan regelen vart innført i 2009 har fødselsboom i sommarmånadane snarare vorte regelen enn unnataket på fødeavdelingane rundt om i landet.

– Opptak til barnehageåret betyr nok ein del. Det såg vi ikkje så mykje til tidlegare, men eg trur nok også at det betyr noko. Iallfall for dei som kan planleggje når dei ønskjer born. Det at dei no byrjar tidlegare på skulen, fører nok også til at ein del foreldre ikkje ønskjer at borna skal vere veldig unge når dei byrjar, seier Fredly.

Ho peikar på at vår og sommar også er ei fin tid å føde på.

– Eg trur også det har med å gjere at det å få born på vår, forsommar og sommar er ei lettare tid å få barn på. Alt er litt enklare, ein kjem seg lettare ut og det er litt mindre styr, seier Fredly.

Går for full maskin

Ho har 26 år bak seg i jordmoryrket og føler nok at mødrer i større grad no enn før planlegg når dei vil bli mor.

– På ein måte trur eg det. Men så er det jo dei som ikkje har moglegheit til å planleggje, og er like glad uansett når det skjer, seier Fredly.

I mange større byar er det slik at fødande kan oppleve å verte avviste dersom fødeavdelinga er for full. Men det treng ikkje fødande i Sogn og Fjordane uroe seg for.

– Dei fødande skal vite at dei kan føle seg trygge fullt ut. Vi har personale som vi kan få inn på kort varsel, dersom vi treng. Vi veit også kven vi vil ha inn, dersom det trengst. Dette er nøye gjennomtenkt, seier Fredly.

For medan mange bransjar går litt for halv maskin fordi halve staben er ute i ferie, og ein handfull ferievikarar skal fylle deira sko, så fungerer det heilt annleis på fødeavdelinga.

– Her er vi fullbemanna heile tida. Ja, kanskje også litt ekstra bemanna no i sommartida, nettopp fordi mange føder då. Alle skal føle seg trygge på at dei vert ivaretekne, sjølv om fleire føder samtidig, seier Fredly.

Eid og Lærdal avlastar

Ho peikar på at dei har knytt til seg dyktige vikarar som kjem att år etter år. For mange av dei er det Førde har å by på at natur og omland ein viktig del til at dei returnerer kvart år for å jobbe på fødeavdelinga.

– Vi har dyktige jordmødrer, barnepleiarar, assistentar og legar som kjem att kvart år. Det er vi veldig glade for, seier Fredly.

Men når det er travelt på fødestovene, så vert det også meir folksamt på romma.

– Stort sett går det bra. Dei ligg ikkje så veldig lenge no. Og så har vi også barseleiningar på Eid og i Lærdal, og dei som høyrer til der, vel ofte å ha barseltida si der. Det avlastar også ein del, seier Fredly.

– Det er positivt at det er mange som føder, om det er i juli eller ein annan månad, seier Fredly.

Suste ut 17 dagar før termin

Ei av dei som ikkje treng å frykte å hamne i føde-kø er Ingrid Sviggum Håre (29) frå Høyanger. Natt til søndag ville vesle Frida ut, og det ganske så fort.

– Vatnet gjekk heime i Høyanger, jordmora kom i bilen på Sande, og då eg kom hit, var eg i full fødsel, seier Håre.

Frida kom ut frisk og fin, og både mor og pappa Lars Jonas Pedersen kan gle seg over det vesle nurket. Men hadde Frida komme på termin, ville Håre født midt i den travlaste perioden.

– Ho kom 17 dagar før termin, men det var kanskje like greitt, ler Håre.

Men ho har ikkje følt på at det er mange andre som har fødd samtidig som henne.

– Eg tenkte litt på at det kunne bli folksamt her på førehand, men eg har i grunn ikkje merka noko til det når eg har vore her. Eg har hatt eit veldig fint opphald her, seier Håre.

Sjølv hadde ho ikkje planlagt graviditeten med tanke på barnehageopptak.

– Nei, det trur eg berre var bra timing og heilt tilfeldig, seier Håre.