Hopp til innhold

Fryktar unge blir hetsa ut av politikken

LEIKANGER (NRK): – Netthets og hatprat er ein trussel mot demokratiet. Står vi ikkje opp for dei som blir utsett for hets, så legitimerer vi netthetsen.

Frank Willy Djuvik med peikefinger på talarstolen

STÅ OPP: Frank Willy Djuvik (Frp) meiner sjikanering og netthets er ein fare for demokratiet i Noreg. – Vi skal vere politisk usamde, men likevel heie på dei som seier meininga si, sa han frå talarstolen i går.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det seier Frank Willy Djuvik som framfor fylkestinget tok eit engasjert oppgjer med hatet og hetsen han ser på Facebook.

Bakgrunnen var ein artikkel på Framtida.no om Ali Hamza (18) i AUF Rogaland som nær vart hetsa ut av politikken.

– Det kokar ned til at vi som enkeltpersonar må stå opp, beskytte og ta til motmæle for dei som blir utsette for slik netthets. Vi får ikkje bukt med det utan å ta eit oppgjer med det, utdjupar gruppeleiaren i Frp overfor NRK.

Vurderte å gi seg

Hamza Ali, AUF

HETSA: Ali Hamza lét seg ikkje knekke av hetsen etter at motsvaret hans stod på trykk i Dagbladet.

Foto: AUF

Det var eit motsvar til Sylvi Listhaug (Frp) sin Facebook-post om innvandring, at den då 16-år gamle Hamzar mellom anna opplevde å bli kalla apekatt i kommentarfelt og i sosiale medium.

Til Framtida.no seier han at han vurderte om han skulle halde fram å engasjere seg i politikken.

– Etter at eg fekk så mange kommentarar og private meldingar så var eg faktisk usikker på om eg var skapt for dette, seier Hamza.

– Det er sørgeleg

Den unge rogalendingen er ikkje åleine om å oppleve hets. NRK har tidlegare fortalt om fleire lokalpolitikarar som har blitt utsett for hets etter politiske saker.

Arnstein Menes

STÅR SAMAN: Arnstein Menes er glad for initiativet Frank Willy Djuvik tok frå talarstolen tysdag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Gruppeleiar for Senterpartiet, Arnstein Menes, seier ungdom har vore usikre på om dei skal stå på listene til det kommande valet.

– Dei opplever ein veldig tøff tone i sosiale medium og det som skjer på nettet. Dei vegrar seg for å engasjere seg fordi dei er redde for å få slike tilbakemeldingar, seier han.

– Kva tenkjer om det?

– Det er sørgeleg. Eg er samd med Frank Willy at det er viktig at vi stiller opp for dei som blir hetsa, uansett om vi er samde eller usamde politis. Det er viktig å gi klar beskjed om at dette tolererer vi ikkje.

– Skal heie fram

I fylkestinget er Menes og Djuvik godt vande med å vere usamde, og tidvis gå verbalt i tottane på kvarandre. Men begge er samde om at netthets og hatprat er ein trussel for demokratiet.

Spesielt meiner Djuvik at der viktig å støtte opp når politiske motstandarar blir hetsa.

– Vi skal vere politisk usamde, men likevel heie på dei som seier meininga si. Det bidreg til samfunnsdebatt, til demokrati, til ytringsfridom og verdiar vi held høgt og prøver å framheve kontra mange andre land og andre kulturar, seier han.

– Samstundes er vi i ferd med å skape den same utryggleik knytt til ytringsfridom i vårt eige land. Ikkje nødvendigvis gjennom lover, regulering og mynde, men gjennom hets og sjikanering av dei som ytrar seg, avsluttar han.