Hopp til innhold

Meiner politikarhets set demokratiet i fare

– Det kan ikkje vere slik at det berre er dei hardhuda politikarane som skal kunne ta verv.

Dag-Henrik Sandbakken

VIL LØFTE TEMAET: KS vil forske på hets mot politikarar. – Vi vil sjå på omfanget, kva som utløyser det. Ikkje minst vil vi sjå kva råd vi kan gi dei som blir utsette, og kva kan andre folkevalde og lokalsamfunnet kan gjere, seier Dag-Henrik Sandbakken i KS.

Foto: Ingvild Eide / NRK

Det seier Dag-Henrik Sandbakken, fagsjef for folkevaltprogrammet i KS. Han meiner hetsen mot lokalpolitikarar trugar demokratiet.

– Eg meiner dette til ein viss grad er ein trussel mot det representative demokratiet. Alle skal kunne ta verv og stå i vervet på ein ordentleg måte, seier han.

Mange lokalpolitikarar har fortalt historier om korleis dei blir grovt hetsa. Nyleg fortalde Viktor Yttri i Lærdal Senterparti om reaksjonane han fekk etter å ha foreslått å gi førarkort til flyktningar.

Blei truga

Sandbakken er sjølv tidlegare ordførar og statssekretær for Senterpartiet. Han meiner hets er ekstra tøft for lokalpolitikarar, fordi dei møter folk tettare på i dagleglivet.

Tidlegare Ap-politikar og styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, er mellom dei som har erfart dette. Ho meiner det er individuelt kor mykje ein toler.

– Sjølv har eg måtte tole mykje som politikar eller i verv. I mi tid som styreleiar i Helse Førde, fekk eg brev i postkassa mi. Det var utan frimerke, altså var det levert. Der stod det; vi skal pynte deg og ungane dine så de ikkje skal vere til å kjenne igjen.

Clara Øberg

FORSTÅR IKKJE TRUGSLAR: – Eg kan forstå at folk kan bli sinte, men ikkje at dei kjem med trugslar, seier Clara Øberg, tidlegare Ap-politikar og styreleiar i Helse Førde. Ho har sjølv opplevd alvorlege trugslar retta mot seg og familien.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Etter trugslane måtte den yngste sonen hennar ha skyss mellom skulen og idrettshallen når han skulle ha gym.

– Meg sjølv er ein ting, men i den augeblinken folk pirkar borti familien, då skjer det mykje. Då lurer ein på om ein har sett familien i ein slik situasjon at dei er i fare.

Toler mykje

Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad har fortalt at ho vart sjuk av hetsen ho opplevde.

– Det er dessverre slik at mange av hennar folkevalde kollegaer har opplevd nokolunde tilsvarande saker, seier Sandbakken.

Maurstad

BLEI SJUK AV HETSEN: Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad har fortalt at ho blei sjuk av hetsen ho opplevde.

Foto: FREDRIK HELLAND / NRK

Ei undersøking KS har gjennomført, syner at 18 prosent av lokalpolitikarar har vore utsette for ubehagelege hendingar, to prosent seier dei har vorte direkte truga.

– Må ikkje politikarar at tole folk blir forbanna når dei mister skule eller lokalsjukehus?

– Jo, og eg trur lokalpolitikarar toler mykje. Men hets og hatefulle ytringar har ingenting i ein debatt å gjere, og det skal ingen tole.

Tettare på

Sandbakken meiner hets i sosiale medium er ekstra tøft fordi det spreier seg så fort, og er vanskeleg å kontrollere.

– Det som er skriftleg treffer mykje hardare enn det som kan ropast etter deg, seier han, som meiner også media må ta sin del av ansvaret.

– Media kan hausse opp saker. Dei bør vere nøkterne, og vise forståing for at ein ordførar ikkje fattar vedtak aleine, det er det eit heilt kommunestyre som gjer.