Hopp til innhold

Frå vondt til verre for vikjene

Med stengd veg til Vangsnes og fare for stengt Vikafjell, har ordførar Olav Turvoll (Sp) stor forståing for at vikjene kjenner seg utrygge i natt.

Sikta på Vikafjellet

KOLONNE: Vikafjellet kan bli stengt i løpet av natta. Det vil i så fall isolere innbyggjarane i Vik.

Foto: Eirik Stadheim

– Det er litt gale med problem i begge endar. Det er ikkje heldig. Spesielt går dette utover akuttberedskapen, då også flyvêret er dårleg, seier han.

Fjellet kan bli stengt

Olav Turvoll, ordførar i Vik

FRYKTA:–Det var meldt dårleg vêr, så eg frykta at det kunne bli problem, vedgår Vik-ordførar Olav Turvoll og fortel om både kastevindar og nedbør som gir dårleg sikt over fjellet i kveld.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Tysdag morgon vart fylkesveg 13 stengd mellom Vikøyri og Vangsnes på grunn av steinras. Vegen er venta å vere stengd i fem dagar. At også dårleg vêr slår inn på Vikafjellet, stengjer det einaste alternative vegsambandet til og frå Vikøyri.

Det er i kveld innført kolonnekøyring over fjellet, men vinden er venta å ta seg noko opp i natt. Kombinert med til dels kraftig nedbør, er det dårleg nytt for dei kring 1.200 innbyggjarane på Vikøyri.

Det var akkurat dette ordførar Turvoll frykta tidlegare i dag då vegen til Vangsnes vart stengd. Han vedgår at situasjonen er dramatisk for innbyggjarane i kommunen.

Store steinar sperrar riksveg 13

STENGT: Steinraset har gjort stor skade på riksvegen mellom Vangsnes og Vikøyri.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– No er det lite å gå på. Samstundes ligg personbåttransporten i beredskap i Vik gjennom natta, så ein kan gå sjøvegen om noko oppstår, seier Turvoll.

Dårleg sikt på fjellet

Ved Vegtrafikksentralen får NRK opplyst at det i kveld er til dels kraftig snøvêr på Vikafjellet. Vinden vil roe seg fram mot midnatt, men så vil vinden ta seg opp att før den igjen roar seg på morgonkvisten.

Brøytesjåfør Eirik Stadheim seier vêret er svært skiftande, men at det spesielt dårleg sikt frå fylkesgrensa til Hola.

– Så eg vil oppmode folk som skal over, om å komme seg over no. Heldigvis er det ikkje høge brøytekantar på fjellet no. Det hadde nok gjort situasjonen verre, og kunne ført til stengt fjell slik det er no, seier vaktoperatør Roger Nedberge Hille.

Set opp kriserute

På den positive sida har Fjord1 bestemt seg for å setje inn kriserute frå onsdag morgon. Ei av ferjene på sambandet Hella–Dragsvik–Vangsnes skal setjast inn på Vikøyri–Vangsnes.

Dette vil igjen føre til halvert kapasitet på trekantsambandet.

– Men det avheng av at ferja kjem til i Vik. Ferjekaien er gamal og smal, så vi testa dette ut i 09-tida i morgon. Fungerer det, så er planen å starte opp rute frå klokka 0930, seier regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1.

Dette gler ordførar Turvoll.

– Det er viktig når vegen blir stengd i så mange dagar. Sjølv om det går litt seinare, så kan ambulansen komme seg ut, seier han.