NRK Meny
Normal

Då vegen vart stengd av ras, visste Monica råd

At riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes er stengd av eit stort steinras, hindra ikkje frisør Monica Fedje Midlang og kollegaen i å komme seg på jobb.

Monica Fedje Midlang

UT PÅ TUR: Monica Fedje Midlang (t.v.) og kollegaen Maria Tveit Lunde tok sjøvegen for å komme seg til jobb.

Foto: privat

Det var i natt at steinar så store som bilar dundra ned i vegbana på riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes og stengde hovudferdselsåra inn til bygda. Vegvesenet har sagt at vegen ikkje vert opna i dag, og dermed står både skuleborn og folk som pendlar til og frå jobb på berr bakke.

Midlang bur i Feios, vel to mil frå Vik, men eig og driv frisørsalong i kommunesenteret. Og då passar det svært dårleg å ikkje komme seg på jobb.

Var spent på om båten starta

– Vi er fire som skal vere på jobb i dag, og når to av oss bur i Feios, baud det på litt problem. Dermed tok eg med Maria (kollega og også busett i Feios), og så vart det båtskyss, seier Midlang, som var litt spent då ho tusla ned på kaien i Feios for å leggje båten frå.

For det er nokre månadar sidan sist båttur.

– Heldigvis starta han, så no er vi iallfall på veg, seier Midlang.

Raset sett frå fjorden

FRÅ FJORDEN: Monica Fedje Midlang tok dette biletet då ho passerte rasstaden. Som ein ser har raset losna ganske lågt i fjellsida. Steinane har slege ut delar av muren under vegen.

Foto: Monica Fedje Midlang

Ho har pendla mellom Feios og Vik i årevis, og det er ikkje første gong ho opplever at den rasutsette vegen mellom Vik og Vangsnes er stengd.

– Det er ikkje kjekt å tenkje på det når ein ferdast der dagleg. Og vêret spelar ikkje alltid inn på når det kjem ned stein. Men ein tenkjer ekstra på det dei dagane det verkeleg styrtregnar. Men ein kan ikkje ha det i hovudet heile tida, då må ein berre halde seg heime, seier Midlang.

Ho er glad for at det no er sett av midlar til både rassikring og tunnel gjennom Galden, med planlagt oppstart neste haust.

Har avtalar som må haldast

– Det er kjempebra og på høg tid. Eg berre håpar det startar i tide. Det er nesten ikkje ein dag utan at det ligg steinar i vegen, så det er ikkje bra, seier Midlang.

Ho peikar på at det som sjølvstendig næringsdrivande ikkje er berre berre å ikkje komme seg på jobb.

– For vår del er det ikkje berre eit kontor vi kan komme til seinare og ta att arbeidet. Vi har avtalar med kundar som vi må halde, og då byr det på ein del problem, seier Midlang.

Monica Fedje Midlang

PÅ PLASS: Både Monica og Maria Tveit Lunde rakk jobb i dag, dermed vart det klipp og føn for kundane som hadde time.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Julerushet har starta og timelistene er fulle i dagane framover. Då passar stengd veg dårleg.

– Vi må berre prøve å komme oss på jobb, elles vert det mykje styr og lange kveldar for å ta att alt, seier Midlang.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå