NRK Meny
Normal

Her vert det stengt i fem dagar

VIK (NRK): Etter å ha vurdert rasstaden, konkluderer no Vegvesenet med at riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes truleg vert stengd i fem dagar.

Slik er raset på riksveg 13

DIGRE STEINAR: Fleire steinar, på størrelse med personbilar, dundra ned på riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes natt til tysdag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vegvesenet har gitt beskjed om at det kan bli stengd opp til fem dagar, pluss minus. Det er ein del arbeid som må gjerast i skråninga før dei kan ta til med å reparere vegen, seier Vik-ordførar, Olav Turvoll.

Det var natt til tysdag at digre steinar dundra ned på riksveg 13 i Galden, halvannan kilometer frå Vik sentrum i retning Vangsnes. Geolog og geoteknikar har no vore på staden, og konklusjonen er at det vil ta lengre tid å opne vegen enn ein først håpte.

Turvoll er uroa over at hovudferdselsåra til Vik no vert stengd i nesten ei veke.

– Det er litt kritisk og det skulle ikkje kunne skje. Men no er det no slik. Samtidig er vêret ustabilt, og dermed er det fare for at Vikafjellet kan verte stengt på kort varsel. Slik sett er det gale i begge endar, seier Turvoll.

Håpar å få på plass ferje

Frå klokka 13.20 vart det sett opp skyssbåt som skal gå mellom Vik og Vangsnes ferjekai. Båten har kapasitet til 48 personar.

– Vi prøver å tilpasse båtskyssen til bussrutene sånn omtrentleg. Og når det gjeld beredskapen, så har vi vore i kontakt med brøytemannskapet på Vikafjellet slik at dei er obs dersom det kjem ambulanse som må over. Då må dei prioritere kolonne med ambulansen, seier Turvoll.

Olav Turvoll, ordførar i Vik

LIKAR DET DÅRLEG: Ordførar i Vik, Olav Turvoll, og resten av vikjene blir utan hovudferdselsåra si, riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes, iallfall i fem dagar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Kommuneleiinga jobbar også med å få på plass ei bilferje som kan gå mellom Vik og Vangsnes.

– Men når vi klarar å få det i boks, veit eg ikkje. Eg tvilar på at vi klarar det før i morgon, seier Turvoll.

Vêret seinkar reinskearbeidet

– Det må utførast reinsking i fjellsida. Det er fleire blokker der som må sikrast med boltar, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

Dårleg vêr utover kvelden og natta, stikk kjeppar i reinskejobben.

– Det er ikkje forsvarleg å jobbe der i kveld og i natt, så vi må stoppe arbeidet. Reinskinga vil halde fram når det vert dagslys onsdag, seier Finden.

Men det gjer at det går litt ekstra tid, noko som igjen fører til at vegen vert lengre stengd.

– Tryggleiken må vere i høgsetet, også for dei som jobbar. Vi håpar vêret vil stabilisere seg slik at vi også kan jobbe på nattetid, seier Finden.

Svenn Egil Finden

KREVJANDE: - Det er ein omfattande jobb som skal gjerast, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Han er forsiktig med å spå når vegen kan opne.

– Vi trur det fort går fem dagar med arbeid før vegen kan opnast. Det går eit par dagar med reinsk, samt at vegen må byggjast opp att, seier Finden.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.