Hopp til innhold

Steinar store som bilar sperrar riksveg 13

VIK (NRK): Riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes er stengt på grunn av ras, og vert ikkje opna i dag.

Slik er raset på riksveg 13

HAR SLIDD UT: Det ser ut til at dei store steinmassane har losna omlag 10 meter oppe i fjellsida og sklidd ned i vegbana.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det er eit gruvekkjande syn som openberra seg for vikjene då mørket sleppte taket på morgonkvisten.

Steinar på storleik med bilar dundra i natt ned i vegbana i Galden mellom Vik og Vangsnes. Vegvesenet har bestemt at vegen ikkje vert opna i dag. Vegbana har fått store skadar, og autovernet er slege vekk på rasstaden.

Omfattande ryddejobb som ventar

Avdelingsleiar i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, bur sjølv i Vik og er ein av mange pendlarar som i dag ikkje kjem seg til jobb.

Han er klar på at det er ein omfattande jobb som ventar når raset skal ryddast og vegen gjerast klar for ferdsle att.

– Det har komme ned mykje stein, og ei diger steinblokk har knust delar av vegbana. Også muren utanfor vegen er skadd. Vi må få undersøkt den før vi kan ta stilling til korleis dette blir vidare, seier Finden.

Vegvesenet ventar på geologar og geoteknikarar som skal synfare staden.

– Dei må sjå både på rasområdet, om det må sikrast eller takast ned meir laus stein, i tillegg til at dei må sjå på om det må gjerast noko med vegbana før ein kan setje trafikk på, seier Finden.

Ventar reinskelag i løpet av dagen

Vegvesenet ventar også på eit reinskelag som skal ta seg av reinskinga. Desse er på veg.

– Geologane ventar vi i løpet av kort tid. Reinskelaget måtte mobilisere litt, og kanskje flytte mannskap, så dét tek nok nokre timar, seier Finden.

– Viss geologen seier at det er trygt, kor lang tid vil det ta å rydde raset?

– Det vil ta nokre timar, og så må vi få undersøkt muren og vegbana. Er det mykje skadar der, må vi kanskje gjere tiltak. Det kan bli styrt trafikkavvikling, men det betyr mindre for trafikantane, seier Finden.

Uvisst når vegen kan opne

Kommuneleiinga er samla i krisemøte for å finne ut kva dei kan gjere for å setje opp alternativ transport for skuleborn og arbeidsfolk som treng å komme seg mellom Vik og Vangsnes.

Når vegen tidlegast kan opne, torer ikkje Finden seie noko om.

- Vi kan ikkje seie noko før vi har fått undersøkt, seier Finden.

Det ligg inne midlar til rassikring og oppstart på tunnel på strekninga neste haust.