Riksveg 13 stengd etter ras

Det har gått eit ras på vegen mellom Vik og Vangsnes. Vegen vil ikkje bli opna tysdag.

Svenn Egil Finden

VEGVESEN: Svenn Egil Finden har vore og sett på skadane etter raset.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

Ras riksveg 13 Vik

SKADAR: Rekkverket ved rasstaden er bøygd.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

Like etter klokka halv fire i natt fekk Vegtrafikksentralen melding om at det hadde gått eit ras ved Galden på riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes.

– Det har kome ned ein del stein, og raset sperrar vegen heilt, opplyser John Andreas Omdal ved Vegtrafikksentralen.

Det var ein innringar som hadde kome til stengd veg som varsla frå om raset i natt. Ein entreprenør har no vore på staden.

– Dei sikra området klokka fire i natt og vil sjå om det er noko meir oppe i fjellsida når det blir lyst eller om det berre er nede med vegen, seier Omdal.

Vegtrafikksentralen har varsla Fjord1, men ifølge vakthavande i ferjeselskapet vil ikkje raset ha konsekvensar for deira avgangar.

– Enn så lenge, før dei får meir informasjon, så vil dei ikkje gjere endringar i rutetilbodet. Ferja går som normalt.

Riksvegen mellom Vik og Vangsnes er stengd resten av dagen etter raset.

Skal skredsikre vegen i 2017

Olav Turvoll

STATSBUDSJETTET: Olav Turvoll ser fram til at vegen skal rassikrast.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

– Skuleruta og pendling til arbeid er viktig no i første omgang. Vi prøvar å organisere alternativ transport, men vi har ikkje lukkast med det enda, seier ordførar i Vik kommune, Olav Turvoll.

I statsbudsjettet for 2017 er det sett av 60 millionar kroner til å skredsikre vegen mellom Vik og Vangsnes. I prosjektet er det planlagd bygging av ny veg, inkludert ein tunnel på den mest skredutsette delen av strekninga.

Etter planen skal ein begynne arbeidet hausten 2017 og opnast for trafikk i 2021.

– Det er ikkje første gongen det går ras her og vegen er dårleg, så det blir mykje betre når den tunnelen er på plass, seier ordføraren.

Skade i vegbana

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, er sjølv sperra inne av raset og fortel at dei må ha geolog på staden for å gjere ei grundig vurdering av når vegen kan opne.

– Det har kome ned større steinblokker, og geolog og geoteknikar er på veg. Der er òg skade i vegbana, så ein må få ei vurdering på det før ein kan starte oppreinsking, seier han.

Laster kart, vennligst vent...

Eit ras sperrar vegen mellom Vik og Vangsnes. Vegen blir ikkje opna tysdag.