Frå nord-irsk til nynorsk: Møt illustratøren Pádhraic Mulholland (25)

SOGNDAL (NRK): Pádhraic Mulholland (25) frå Nord-Irland flytta til Sogndal for eitt år sidan. No ynskjer han å lære språket for å få ein kickstart på karrieren som illustratør på norsk jord.

Pádhraic Mulholland

VED SOGNEFJORDEN: Pádhraic Mulholland (25) hentar inspirasjon frå fjord, fjell og natur i sine illustrasjonar.

Foto: Marita Solheim / NRK

Han har teikna heilt sidan han var liten. Ved Falmouth University i England bestemte 25-åringen seg for at han ville satse på det tøffe yrket som illustratør. Det var også her han møtte den norske jenta Ragnhild Ylvisaker, som han no har gifta seg med.

– Vi flytta til Sogndal for eitt år sidan fordi kona mi fekk eit godt jobbtilbod på høgskulen, fortel Mulholland og legg til at han tidleg vart fascinert av naturen i fylket.

Språkforvirring

Det unge paret bur i eit gammalt hus nedst i Sogndalsfjøra. Mulholland tek gjerne eit isbad i Sognefjorden. Fjordutsikta er ein stor inspirasjon for illustratøren som har perfekt plassering på heimekontoret sitt. Mulholland jobbar frilans og har hatt fleire oppdrag for engelske vekeblad og bøker. Ved å lære språket, håpar han å få teikneprosjekt i Noreg.

Pádhraic Mulholland på heimekontoret

PÅ HEIMEKONTORET: Pádhraic Mulholland (25) jobbar frilans som illustratør og sit mange timar ved dette skrivebordet.

Foto: Marita Solheim / NRK

25-åringen fekk eit morosamt møte med butikktilsette då han var nyinnflytta i Sogndal.

– Eg gjekk på butikken aleine og var litt nervøs. Eg hadde lært at dersom dei tilsette spør «Vil du ha kvittering?» skal eg svare ja eller nei. Dei sa «Ha ein fin kveld!»
Eg var stressa, så eg sa «nei» og gjekk kjapt ut av butikken. Det var flaut, seier han lattermild.

Mulholland meiner uttalen i dei ulike dialektane i Noreg er den største utfordringa med å lære norsk. Det er dessutan ikkje enkelt å lære språket når det er to ulike skriftspråk å ta omsyn til. I starten var dette forvirrande for Mulholland.

– Eg elskar NRK og ser mykje på TV for å lære språket. Det er kjekt med undertekstar, sidan dei av og til er på nynorsk, seier han.

Er det enkelt å bli kjend med sogningane?

– Språket kan gjere det utfordrande, men det er mange like samtaleemne. Ein pratar om overfladiske tema som vêret i Irland også. Du blir ikkje nødvendigvis kjend med folk gjennom «small talk», meiner Mulholland.

Har du høyrt eit morosamt ord på sognemål?

– Eg elskar dyreliv, og hadde høyrt ordet ekorn. Seinare har eg lært at sogningane seier «trebjødn» som er eit veldig morosamt ord.

Synleg på sosiale medium

For tre år sidan fekk han eit spennande oppdrag gjennom Instagram. Der kom han i kontakt med forfattaren Mikkel Soya Bølstad, og fekk levere illustrasjonar til boka «Villmarkssykling» for sportsmagasinet Fri Flyt.

Villmarkssykling

BOKPROSJEKT: Å få teikne illustrasjonar til ei bok om sykkel og friluftsliv gav meirsmak for 25-åringen Pádhraic Mulholland.

Foto: Pádhraic Mulholland

– Det var eit perfekt prosjekt for meg, sidan eg er veldig interessert i sykling, seier han og legg til at ein må ha litt flaks for å få oppdrag i bransjen han har satsa på.

– Å vise fram illustrasjonar og arbeid gjennom Instagram, blogg eller eiga nettside er gull verdt. Det er viktig å vere synleg for potensielle kundar, seier han.

Instagram: @padhraic_mulholland

INSTAGRAM: Illustratøren brukar sosiale medium aktivt for å skaffe oppdrag.

Foto: Skjermdump frå Instagram

Nord-Iren har fått ei stor interesse for norsk kultur og historie. Han deler jamleg foto frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Det er ei stor inspirasjonskjelde i arbeidet til illustratøren. Han gler seg til å forstå norsk betre, for då kan han dykke endå djupare inn i norsk historie.

Kultursjokk på gata

Mulholland saknar familien heime i Buckna i Nord-Irland. Heimstaden ligg i turistområdet Antrim, med eit landskap som mange vil kjenne igjen frå TV-serien Game of Thrones.

Buckna - Slemish Mountains

IDYLLISK HEIMSTAD: Pádhraic Mulholland kjem frå Buckna i Nord-Irland. Her er han på fjelltur i Slemish.

Foto: Pádhraic Mulholland

– Eg kjem frå ein liten stad. Folk er veldig opne og vennlege. Nordmenn er ofte meir reserverte, seier han. I starten var det eit kultursjokk.

– Det er fascinerande at nordmenn som møter kjentfolk på gata seier «Hei!» kjapt og går vidare med ein gong. Når du møter nokon i Irland står du gjerne på gata i ein time og pratar før du kanskje tek resten av samtalen på ein pub, seier han og ler.

– Korleis ser livet ditt ut om ti år?

– Eg håpar eg framleis bur i Sogndal. Han ynskjer å halde fram som illustratør, sjølv om yrket kan vere tøft.

TEIKNEVIDEO: Pádhraic Mulholland lagde video for det engelske magasinet Oh Comely.