NRK Meny
Normal

Naturvernarane fortvilar over Solhjell sin dispensasjon til Statnett

Statsråd Bård Vegar Solhjell (SV) sin dispensasjon til kraftline gjennom Sørdalen naturreservat får naturvernarane til å fortvile.

Lars Haltbrekken, leder i Norges naturvernforbund

LITE NØGD: Naturvernforbundet gjekk i utgangspunktet i mot den nye kraftlina. No er leiar Lars Haltbrekken lite nøgd med at miljøvernminister Bård Vegar Solhjell gir Statnett dispensasjon til å leggje kraftlina gjennom Sørdalen naturreservat.

Foto: NRK

Miljøverndepartementet gav i dag Statnett dispensasjon til å byggje kraftlina tvers gjennom naturreservatet i Bremanger.

Lina har vore omstridd sidan olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) såg vekk frå faglege tilrådingar om å leggje den gjennom Førdedalen.

– Vi er svært skuffa over at regjeringa ofrar eit viktig naturreservat for å få bygt kraftlina mellom Ørskog og Fardal, seier Lars Haltbrekken, leiar i Naturvernforbundet.

– Store negative følgjer

Fylkesmann Anne Karin Hamre

FYLKESMANN: Anne Karin Hamre.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Direktoratet for naturforvaltning, Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har alle gått imot dispensasjonssøknaden som også fylkesmannen i Sogn og Fjordane avslo i vinter.

– Mastepunkta som ein skal inn med, både med sprenging og masseuttak, vil få store negative følgjer for både plantar og dyreliv, konkluderte fylkesmann Anne Karin Hamre.

Har teke fleire omsyn

– Dei har ikkje sett på andre samfunnsmessige interesser som eg er forplikta til å gjere. Som til dømes spørsmål om forsyningstryggleiken til Midt-Norge som er ein stor og viktig region og er eit stort og viktig spørsmål. Så er det også mi vurdering at det er miljøutfordringar og negative miljøsider ved det andre alternativet, seier Statsråd Solhjell om dispensasjonen han gav i dag.

Bård Vegar Solhjell

STATSRÅD: Bård Vegar Solhjell (SV).

Foto: Nadir Alam / NRK

Så seint som 22. mai, skreiv SV-statsråden ein kronikk om at ein i Norge vernar for lite. Han meiner han har vurdert dispensasjonssøknaden nøye.

– Eg meiner dette er den beste løysinga fordi vi har utfordringar for krafttryggleiken og det er problem også knytt til alternativa, seier Solhjell.

– Svært skuffande

Miljøvernministeren peikar på behovet for rask sikring av kraftforsyninga til Midt-Norge og at også andre trasear vil påverke urørt natur. Dispensasjonen har vilkår knytt til kraftleidning langs fylkesvegen og hogst i ryddebeltet.

Stortingskandidat for Sogn og Fjordane Venstre, Sveinung Rotevatn, kom tidleg på bana og skildra dispensasjonen som uakseptabel.

– Det er svært skuffande at den raudgrøne regjering, med SVs Bård Vegar Solhjell i spissen, no har bestemt seg for å gripe inn i eit viktig naturreservat. Det er viktig å få på plass den nye kraftlina, men det må det då vere mogleg å gjere utan å pløye over så til dei grader sårbar natur, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Myklebustdalen i Ålfoten i Bremanger

VERNA: Statnett får løyve til å leggje kraftlina gjennom Sørdalen naturreservat.

Foto: Hilde Myklebust

Fryktar følgjene

At det er vilkår for dispensasjonen roar ikkje Haltbrekken i Naturvernforbundet. Heller ikkje NVE har ynskt lina gjennom Sørdalen velkommen.

Olje- og energidepartementet overkøyrde tilrådingane og bad Statnett leggje lina gjennom naturreservatet.

– Vi fryktar for følgjene dette kan få for andre verna naturområde kring om i landet. Det er berre to månader sidan regjeringa aksepterte ei større motorvegutbygging gjennom Åkersvika naturreservat ved Hamar, vårt første internasjonale verneområde, seier han.

– Lite truverdig

Sveinung Rotevatn

UAKSEPTABELT: Sveinung Rotevatn er Sogn og Fjordane Venstre sin førstekandidat til Stortinget.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Haltbrekken viser til at det er departementet sjølve sine endringar i 2011 som gjer at lina har teke mykje lenger tid. Han kjøper difor ikkje argumentet om at regjeringa har hastverk med å få ferdig lina for å betre straumtryggleiken til Midt-Norge.

– Dette blir lite truverdig all den tid det er regjeringa sjølve som har forseinka utbygginga med eitt og eit halvt år, seier leiaren i Naturvernforbundet.

– Hadde dei vore reelt uroa for forseinkingane, hadde dei følgt NVE sitt vedtak og lagt lina utanom naturreservatet, legg Haltbrekken til.

Ville ikkje ha lina

Han gir likevel Miljøverndepartementet rett i at det ikkje var noko konfliktfrie alternativ for kraftlina.

– Men det var alternativ som ikkje går gjennom naturreservat og som ikkje svekkjer vernet av dei område vi har gjeve vår strengaste vern, seier Haltbrekken og legg til at dei i utgangspunktet gjekk i mot heile utbygginga på grunn av dei store naturinngrepa den vil medføre.

Sekundert kravde dei bygging av ein sjøkabel.

Ventar i spenning

Haltbrekken seier forbundet no ser med spenning framt il behandlinga av den store kraftlina i Nord-Norge der Statnett har føreslått å leggje lina gjennom fleire naturreservat.

– Vi kjem til å be miljøvernministeren fortelje oss kva vern slike område eigentleg har når dei aller tyngste verneverdiane openbart ikkje er viktige nok, avsluttar Haltbrekken.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser