Hamre nektar energiminister Ola Borten Moe (Sp) å leggje den nye kraftlina mellom Ørskog og Fardal rett gjennom Sørdalen naturreservat.
- LES: Heile vedtaket her
Borten Moe vedtok denne traseen, framfor å leggje lina gjennom Førdedalen.
- LES OGSÅ: Flyttar etter kraftlinestrid
– I den samanheng vedtaket kjem, så er det eit modig vedtak. Det kan tenkjast at ein feigare fylkesmann ville latt saka passere og ikkje gjort jobben sin så skikkeleg, seier Erik Solheim i Naturvernforbundet.
Negative følgjer
Saka har engasjert og skuldingane har hagla etter at energiministeren gjekk vekk frå NVE og Statnett si tilråding om å leggje kraftlina i Førdedalen, der mellom anna Sp-ordførar Karl Vidar Førde bur.
- LES OGSÅ: – Ordføraren har misbrukt rolla si
I Myklebustdalen har grunneigarane allereie brukt over ein halv million kroner i kampen mot kraftmastene. Vedtaket til fylkesmannen talar i deira favør.
- LES OGSÅ: Tek gjerne staten til retten
- LES OGSÅ: Får støtte etter kraftlineklage
– Mastepunkta som ein skal inn med, både med sprenging og masseuttak, vil få store negative følgjer for både plantar og dyreliv, seier fylkesmann Anne Karin Hamre.
– Skikkeleg jobb
Solheim meiner det hadde vore lett for ein feig fylkesmann å bøye av for presset.
– Dette tykkjer eg er eit døme på at fylkesmannen har gjort jobben sin skikkeleg, seier den tidlegare leiaren i forbundet.
– Kva tenkjer du om at oljeministeren i det heile la ei kraftline gjennom eit naturreservat?
– Olje- og energidepartementet har ikkje ei historie med store omsyn til natur bak seg. Det kan godt vere at dei har tenkt at dette er ei stor sak, vi gjer eit vedtak og så går vi ut ifrå at miljøinteressene bøyer seg.
– Registrerer avslaget
Departementet var knappe med kommentarar tysdag.
– Olje- og energidepartementet registrerer Fylkesmannens avslag på Statnetts dispensasjonssøknad. Det er no opp til Statnett å få dei naudsynte løyvene. For øvrig har ikkje departementet noko ytterlegare kommentar, skriv kommunikasjonssjef Ole Berthelsen i ein epost til NRK.
Saka kan ankast
Statnet ynskjer ikkje å kommentere saka. No må dei avgjere om dei vil anke til Direktoratet for naturforvaltning, eller flytte lina.
– Eg trur vel at Statnett vil anke vedtaket, så går eg ut ifrå at Direktoratet for naturforvaltning ikkje gjer det om. Dette er eit tilfelle som eg håpar og trur blir ståande med ein presedens for seinare saker, seier Solheim.