Det har over ein lengre periode vore stor debatt om den nye store kraftlinja mellom Fardal og Ørskog skal gå gjennom Bremanger.
Dei faglege råda gjekk for at linja skulle gå gjennom Førdedalen, men før jul i 2011 vart det klart at olje- og energiminister Ola Borten Moe i staden la linja gjennom Myklebustdalen og Sørdalen naturreservat. Denne endringa har ført til massiv kritikk.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Uaktuelt
Saka har vore spesielt betent sidan Ola Borten Moe (Sp) flytta traseen vekk frå Førdedalen, ein dal der Bremanger sin eigen Sp-ordførar Karl Vidar Førde har eigarinteresser.
Det var eigentleg direktoratet for naturforvaltning som skulle behandla saka, men miljøvernministeren henta saka inn på eige bord. Direktoratet har likevel sendt ei uttale i saka, og konklusjonen er at det er uaktuelt å gi dispensasjon. Det skriv Bergens Tidende.
- LES OGSÅ:
Uvanleg prosedyre
I februar sette Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, foten ned og avslo Statnett sin søknad om å leggje linja gjennom naturreservatet. Statnett har klaga på avslaget, men klagen inneheld slik fylkesmannen ser det ingen nye moment som tilseier at dei skal gjere om på avslaget.
- LES OGSÅ:
Ifølgje Bergens Tidende har det berre skjedd fire gonger at politisk leiing i Miljøverndepartementet har gripe inn og overteke sluttbehandlinga i ei ankesak som omhandlar eit naturvernområde.