Fugl eller ubåt? Forsvaret skal undersøke mysteriet

Ekspertar i Forsvaret er gang med å sjekke kva som gjekk gjennom Dalsfjorden 21. mars i år.

Mogleg ubåt i Dalsfjorden

UBÅT ELLER FUGL: Forsvaret skal finne ut om dokumentasjonen frå Aldrimer.no viser ein ubåt.

Foto: aldrimer.no

– Fagfolk analyserer det video-materiale vi har fått. I tillegg ser vi på ledig ubåt kapasitet for å eventuelt avdekke spor etter det objektet som filmen viser, seier Ivar Moen som er oberstløytnant i Forsvaret.

Det var 21. mars i år at innbyggjarar i Dalsfjorden i Askvoll i Sogn og Fjordane det som liknar ein ubåt går med periskopet oppe gjennom fjorden. Det var nettstaden aldrimer.no som omtalte saka først. Forsvaret gjorde ingenting med tipset etter at politiet varsla dei om observasjonen.

Ubåt på veg ut Vilnesfjorden

ØVING: Dette bilete er tatt 14/4 2016. Det er ein norsk ubåt på veg ut Vilnesfjorden i Askvoll.

Foto: Privat

Kvifor først no?

Då saka vart kjent i førre veke, varsla Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, at ho ville ta saka opp i Stortinget, og at ho ville ha eit svar frå forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H).

– Kvifor reagerte ein ikkje når meldinga kom? Eg trur at grunnen til at ein i dag går inn og ser på bileta, og at ein vurderer å gå inn med ubåt er at eg har varsla ei skriftleg spørsmål til ministeren, og at ein vil ha dette som svar.

Navarsete har ikkje tru på at ein vil finne spor i Dalsfjorden.

– Det er ikkje noko poeng for meg at ein skal gå inn med ubåt og bruke store summar no, for eg trur ikkje ein finn noko særleg. Mitt poeng med å ta opp saka var å sette søkelys på korleis ein reagerer på slike meldingar, og korleis beredskapen er, seier Navarsete

Forsvaret sjekkar

I ettertid er det blitt dokumentert norsk ubåtaktivitet i området ein månad etter, og at ein nederlandsk ubåt var i same farvatn i 2014. Ornitologar har sett på videoen og meiner det er ein sjøfugl som sym gjennom fjorden. Men augevitne Frank Vik har aldri vore i tvil om kva han såg i fjorden, og syntest det var merkeleg at Forsvaret ikkje gjorde meir med observasjonen.

Først etter at observasjonen vart offentleg kjend og videoen lagt fram, har Forsvaret vedgått aktivitet i området. No vil Forsvaret undersøke kva det var som var i fjorden.

– Forsvaret har blant anna «Hugin» som er ein sjølvstyrt ubåt som kan gå inn i fjorden for å kunne avdekke eventuelle spor. Den må vi sjekke når er ledig.

Mykje brukt øvingsområde

Moen opplyser at det er Forsvaret sine eigne fagfolk som jobbar med å gå gjennom materialet. Førebels er det usikkert kva tid resultata av undersøkingane er klare.

Forsvaret har vedgått at området i Askvoll ofte vert brukt som seglingsområde for ubåtar frå det norske forsvaret fordi det er kort veg frå Sjøforsvarets Hovudbase på Haakonsvern, og godt eigna som treningsområde.