Hopp til innhold

Frustrert over Forsvaret si ubåt-forklaring

DALSFJORDEN (NRK): Frank Vik er ikkje i tvil om at det var ubåt han såg i Dalsfjorden. Han har vanskar med å forstå kvifor Forsvaret ikkje sette i gang aksjon.

Frank Vik

SPENNANDE, MEN SKREMMANDE: Det seier Frank Vik om observasjonen han gjorde i Dalsfjorden 21. mars. Han meiner Forsvaret burde følgd opp tipset endå grundigare.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Eg er heilt sikker på kva eg såg, sjølv om eg ser at enkelte dreg det i tvil. Eg tenkjer heller at det er dei som har eit forklaringsproblem, ikkje eg, seier Vik.

Han er tilbake på sørsida av Dalsfjorden rett utanfor Dale, der han bestemt meiner han såg ubåt 21. mars. I ein videodokumentar på nettstaden AldriMer.no, fortalde han om opplevinga.

– Lett å bli stempla

Forsvaret har slått fast at det ikkje var norske eller allierte ubåtar i området denne dagen. No seier dei også at det heller ikkje er grunn til å tru at det var andre.

– Alle eg har snakka med som har sett videoen, skjønar eigentleg ikkje forklaringa til Forsvaret, for det er ganske tydelege bilete, seier Vik.

Frank Vik frå Dale i Sunnfjord var på veg heim frå Førde då han såg og filma det han er sikker på var ein ubåt.

Lastebilsjåføren var lenge usikker på om han skulle seie ifrå.

– Det er lett å få eit stempel som bygdetulling. Det har vore mange observasjonar, men ikkje alle vert stadfesta, eller avkrefta.

Fryktar uheldig signaleffekt

Ordførar i Fjaler kommune, Gunhild Berge Stang, er uroa for at mange ser på slike tips som useriøse, og meiner Forsvaret si handtering byggjer opp under ein naivitet.

– Ein god beredskap startar med erkjenninga av at det usannsynlege kan skje, men det tek vi ikkje innover oss, seier ho.

Gunhild Berge Stang

UROA OVER NAIVITET: Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang er redd Forsvaret sin reaksjon kan skremme folk frå å melde frå. På andre sida av brua, lenger inn i fjorden, blei det Forsvaret kallar eit mistenkeleg objekt sett.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

No er ho redd folk kan bli skremde frå å melde frå, fordi dei føler det ikkje er vits i, eller er redde for å bli latterleggjorde.

– Beredskap handlar ikkje berre korleis det militære apparatet handterer ting, men korleis heile samfunnet observerer og seier ifrå.

Forsvaret sin reaksjon kan også ha signaleffekt utover landegrensene, meiner ordføraren.

– Ved å ikkje reagere sterkare så gir ein eit indirekte signal om at ein her kan ta seg til rette, og at vi ikkje reagerer før det er heilt openlyst.

Forsvarskjelder: – Hadde ikkje kapasitet

AldriMer.no skriv i dag at fleire kjelder i Forsvaret seier det ikkje var kapasitet til å sjekke observasjonen. Det uroar både Berge Stang og Vik.

– At dei prøver å dra observasjonen i tvil seier vel kanskje meir om deira evne til å setje i verk tiltak, seier Vik.

Forsvaret held fast ved at dei følgde opp tipset på grundig vis.

– Vi kan forsikre om at vi tok tipset frå Dalsfjorden på alvor, og at det ligg nøye vurderingar bak at vi ikkje sette i gang nokon aksjon. Det er veldig bra og veldig viktig at folk melder frå om mistenkelege hendingar, seier kaptein Brynjar Stordal ved Forsvarets operative hovudkvarter (FOH), til NRK.

Dalsfjorden

STILLE: Så langt inne i Dalsfjorden er det ikkje vanleg å sjå ubåt, men det meiner Frank Vik bestemt å ha gjort.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK