Hopp til innhold

Politiet slo ubåtalarm i Dalsfjorden etter vitneobservasjonar

Politiet seier at den påståtte ubåtobservasjonen i Dalsfjorden 21. mars i år kjem frå eit vitne som dei reknar for å vere svært truverdig.

Dalsfjordbrua

SLO ALARM: Innbyggarar ved Dalsfjorden varsla om det som kunne likne ein ubåt med periskopet oppe.

Foto: Rune Fossum / NRK

Men Forsvaret gjorde aldri eigne undersøkingar, skriv nettstaden AldriMer.no.

I påskeveka skal innbyggarar ha observert det som likna ein ubåt som gjekk med periskopet oppe i Dalsfjorden i Sogn og Fjordane. Ifølge dei som AldriMer.no har snakka med, skal ubåten då ha vore på veg ut fjorden.

- Truverdig vitne

Lensmann i Fjaler, Åge Løset, seier vitnet som melde inn ubåtobservasjonen i Dalsfjorden er truverdig.

– Vi fekk ei melding 21. mars om ein mogleg ubåtobservasjon i Dalsfjorden, litt aust for Dale. Vi fekk mellom anna sjå eit videoopptak av det som var ein ubåt i fjorden. Informasjonen formidla vidare vi til Forsvaret og vi bad dei vurdere og følgje dette opp, seier han til NRK.

Regionlensmann Dag Fiske i Sunnfjord, vil overfor NRK ikkje kommentere saka, og syner til forsvaret.

Ifølge AldriMer.no vart observasjonen meldt vidare til vakthavande offiser ved Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) på Reitan utanfor Bodø. Det var ikkje kjente norske eller allierte ubåtar i området då observasjonen vart gjort.

Avviser ubåt

Overfor nettstaden AldriMer.no vedgår FOH at dei har teke imot bilete av ubåtobservasjonen i Dalsfjorden i Fjaler kommune.

Oberstløytnant Ivar Moen

AVVISER UBÅT: Oberstløytnant Ivar Moen er talsmann ved Forsvarets operative hovudkvarter (FOH).

Foto: Mats Grimsæth / Forsvarets Medisenter

– Vakthavande hjå oss vart kontakta av det lokale politiet. Det inkluderte også bilete over objektet. Og som sagt var det observasjon av eit mistenkeleg objekt som vi refererer til, seier pressetalsmann ved FOH, oberstløytnant Ivar Moen.

Han avviser på si side at det var snakk om ein ubåtobservasjon.

– Vi har ikkje konkludert med at det er ein ubåt. Vi har sett på bileta, og vi har ikkje konkludert med at dette er ein ubåt. Det er eit mistenkeleg objekt. Det er ikkje noko ubåtobservasjon, seier Moen.

Vil ikkje kommentere

Han ynskjer ikkje å kommentere saka ytterlegare, når NRK kontaktar torsdag. Han ynskjer heller ikkje å seie noko om kva bileta syner.

– Det vart gjort ei vurdering då vi vart kontakta, men eg kan ikkje gå inn på kvifor vi ikkje gjekk vidare med saka, seier Moen til NRK

Forsvarets pressetalsmann opplyser til AldriMer.no at det ikkje var norske ubåtar i det aktuelle området då observasjonen vart gjort.