– Bilete viser ein norsk Ula-klasse ubåt, KNM Uredd. Det stadfestar oberstløytnant Ivar Moen etter å ha sett bilete av ubåten som går ut Vilnesfjorden, ved utløpet til Dalsfjorden.
Bilete er teke 14. april i år. Omlag ein månad før observerer innbyggjarar rundt Dalsfjorden i Sogn og Fjordane det som liknar ein ubåt som går med periskopet oppe gjennom fjorden. Forsvaret har til no slått fast at det ikkje var norske eller allierte ubåtar i området denne dagen, 21. mars i år, slik nettstaden Aldrimer.no var den første til å omtale. Forsvaret følgde ikkje opp tipset om ubåten.
- Les også:
Ser ikkje bort frå ubåt likevel
Til aftenposten.no seier Generalløyntnant Rune Jakobsen at dei ikkje ser bort frå at det var ein ubåt i fjorden og at all informasjon er sendt vidare til E-tenesta som skal avgjere om det var ein ubåt som gjekk gjennom fjorden denne dagen. Først etter fleire purringar, stadfesta Forsvaret meldinga om ubåtobservasjonen.
Etter at Forsvaret har sett dei nye bileta til NRK som heilt klart viser ubåten som går ut Vilnesfjorden, stadfestar Forsvaret aktivitet i området.
– Det generelle området der begge bileta er tatt, vert brukte rutinemessig av norske og allierte marinefartøy i samband med øvingar og trening.
Dokumentert aktivitet i 2014
Nye bilete NRK har fått hand om viser også ubåtaktivitet i 2014 i Ytre Dalsfjorden. Dette stadfestar Forsvaret er ein nederlandsk ubåt.
– Det ser ut til å vere ein nederlandsk Walrus-klasse, seier Moen.
Han seier området i Askvoll ofte blir brukt som seglingsområde for ubåtar frå det norske forsvaret.
– Området er under eit døgns seglas frå Sjøforsvarets Hovedbase Haakonsvern og dermed godt eigna som treningsområde, seier Moen.
Vanleg med ubåtar i området
– Vilnesfjord er også ein del av den indre leden langs kysten der fartøy (sivile og militære) seglar når dei går nordover eller sørover langs kysten. Ubåtar seglar nokre gongar langs leden oppdykka for blant anna å vise nærvær, øve navigasjon og sikre farvannskjennskap.
Laurdag sa ornitologar at dei ikkje ville blåst ubåtalarm ut frå videoen. Dei meiner det er ein stor sjøfugl som sym gjennom fjorden.