Sofie var fire år då pappa døydde i tsunamien – no blir ho 18 og fører arven vidare

TURTAGRØ (NRK): Sofie Hybertsen mista pappa i tsunamien i Thailand og blei arving til det ærverdige fjellhotellet på Turtagrø i Jotunheimen. I haust blir ho myndig og klar til å føre arven vidare.

Sofie Hybertsen

UNG HOTELLEIGAR: Sofie Hybertsen bur i Bergen. 15. oktober fyller ho 18 år, då blir ho juridisk ansvarleg for hotellet ho arva som fireåring.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Juli 2018: Turtagrø hotell er midt i sin beste sesong nokon gong. Det myldrar av folk som skal på tur i Hurrungane. Mange er der for å klatre Store Skagastølstind, nokon på eiga hand andre med guide.

I oppvasken på hotellet står Sofie. Sidan ho berre er 17 år er ho ikkje gammal nok til å jobbe i resepsjonen eller restauranten. Men når ho fyller 18 år i haust blir ho femtegenerasjons eigar av hotellet.

– Det blir merkeleg. Juridisk sett kan eg jo gjere som eg vil, seier ho.

Ola Berge Drægni

FJELLMANN: Ola Berge Drægni brukte mykje tid i fjella i Jotunheimen. Han mista livet i tsunamien i Thailand i 2004.

Foto: NRK

Hotellet brann

Dramatikken i Drægni-familien starta alt i 2001. Då brann det gamle hotellet ned til grunnen. I mai året etter, stod nye Turtagrø hotell ferdig. Klart for å ta i mot nye turglade gjester.

Berre tre år seinare var hotelleigar Ole Berge Drægni på juleferie i Thailand saman med den gravide sambuaren og dottera hennar. Andre juledag slo tsunamien inn over stranda i Thailand, alle tre vart tekne. Over 220.000 menneske omkom den dagen, 84 av dei nordmenn.

Då Drægni omkom, var Sofie fire år gammal. Ho hugsar berre glimt av faren.

– Eg hugsar ikkje mykje, men eg har høyrt at mange syntest det var imponerande at han bygde opp igjen hotellet etter brannen. Eg har og høyrt at han var kjekk og kjempehøg. Så var han jo veldig glad i denne staden, seier Sofie.

Arven etter pappa

Fire år gammal arva Sofie Hybertsen Turtagrø hotell. Ho var Drægni sitt einaste barn. Mora har forvalta arven fram til no.

– Vennene mine spør ofte om kva eg skal gjere, no når eg blir 18. Men eg trur ikkje det blir så veldig forskjellig frå sånn som det har vore, seier ho.

Hybertsen har sommarjobb på hotellet for andre gong denne sommaren. Sjølv om ho for det meste står i oppvasken og vaskar rom, har ho byrja å få auga opp for korleis det er å drive eit hotell.

– Eg lærer nye ting heile tida, om kjøkkenkalkylar og økonomi. Det er kjekt når det går bra, sånn som no har vi ny rekord i gjestedøgn.

Sofie Hybertsen

NY INTERESSE: Sofie Hybertsen har fått sansen for hotelldrift. – Eg synest det er gøy med oppussing, kjøpe inn nye ting, lage stilig lunsj og sånn, smiler ho.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Vil vente med avgjerda

Til hausten byrjar ho i tredje klasse på vidaregåande i Bergen. Som 17-åringar flest, er ho usikker på korleis framtida hennar ser ut.

– Det er jo stort å skulle overta ansvaret for hotellet. Eg føler ikkje eg har noko press på meg, men eg kjenner jo på at eg skal vidareføre noko. Hadde eg valt å selje det, så ville ei lang linje vore broten.

Hybertsen står fritt til å gjere kva ho vil med arven etter faren. Sjølv om han ikkje var der under oppveksten hennar, så har ho eit sterkt forhold til hotellet.

Turtagrø Hotell før brannen

LEGENDARISK HOTELL: For fjellklatrarar som skal klatre den 2.405 meter høge toppen Store Skagastølstind er Turtagrø startpunktet.

Turtagrø i brann 24.1. 2001

I BRANN: Då hotellet brann i 2001 var det stengt for vinteren.