Etter fire veker med direktesendingar og tallause møte med folk som ville vere med på direktesendt tur i fjellet, trengde turgeneral Lars Monsen ein pause då det heile var over.
Sjølverklærd einstøing
– Mange lurar nok på korleis det var for ein einstøing som meg å gå med så mange menneske rundt seg heile tida, ler Monsen.
– Noko av det som gjorde det enklare for meg å tole trykket den månaden, var at eg skulle på ekspedisjon etterpå, avslører han.
Nokre veker etter «Monsen minutt for minutt» var over, reiste han til Alaska.
– Eg måtte bearbeide inntrykka, rett og slett.
– Fekk vanvittig klaff
Lars Monsen var gjest i den aller fyrste Opptur-sendinga på NRK P1 laurdag morgon. Der fortalde han om korleis det var å ha kamera på seg fire veker i strekk.
Allereie fyrste dagen følgde 37.000 sjåarar den fem timar lange turen på Hardangervidda.
– Eg hadde ingen forventingar på førehand. Eg ville vise fram norsk natur og turgleda som det norske folk har. Og så fekk vi veldig klaff med vêret.
- SJÅ FIRE TUR-VEKER MED MONSEN PÅ TRE MINUTT:
Opplev ein firevekers tur med Lars Monsen på to minutt
Tre millionar sjåarar
Lars Monsen er vand med å ha kamera på seg på tur. Men så mykje merksemd som under «Monsen minutt for minutt», har han ikkje opplevd før.
Totalt var over tre millionar sjåarar innom sendingane.
– Eg var førebudd på at det skulle bli eit ekstra trykk, og eg hadde heldigvis eit veldig bra apparat rundt meg medan vi var på tur, seier Monsen.
Ein halvtime med sjølviar kvar dag
På kvar einaste etappe var det mellom 200 og 600 menneske i følget til Monsen. Mange ville både snakke med og ta bilde saman med tursjefen.
– Ein av NRK sine medarbeidarar starta alltid morgonane med å sei at ein skulle vente med sjølviar til sendinga var over. Folk respekterte det. Det tok om lag ein halvtime kvar ettermiddag.
Han har gjort seg nokre tankar om kvifor han har blitt så populær.
– Eg trur det har å gjere med at eg aldri har prøvd så hardt. Eg har berre gjort greia mi, og den er ekte.
- Les også:
EIN STILLE STUND: Lars Monsen fekk nokre stunder for seg sjølv undervegs.
Foto: Hans Otto Bordvik / NRKViktig med synleg friluftsliv
Monsen har tru på effekten av å syne fram enkle gleder ved å vere ute i naturen.
– Det handlar om dei enkle tinga, å sjå inn i eit bål, å slå leir ved ei elv. Ting eg trur mange saknar i all den andre støyen som er rundt oss.
Framtida til norsk friluftsliv er han ikkje redd for.
– Det er mange flotte, unge menneske som er veldig aktive og verkeleg kan bli kalla for villmarkingar, så eg er optimist, seier Monsen.