Hopp til innhold

Foreldre betalar dyrt for å lære ungane mental trening

Stadig fleire foreldre går no på kurs for å kunne gje ungane sine mental trening på lik linje som det toppidrettsutøvarar får.

Foreldre på kurs

PÅ KURS: Foreldre set seg på skulebenken for å lære meir om mental trening og positiv psykologi.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Barnas Plattform er eit av kurstilboda som aukar i popularitet. Frå april av vert det landsdekkande med kurshaldarar i kvart fylke. Eit søk på internett syner at det også er fleire andre som tilbyr liknande kurs og opplegg.

– Vi har ein grunntanke om at vi skal ha glade, sterke og trygge born. I min jobb som lærar, har eg sett at det blir fleire og fleire born som slit med dårleg sjølvkjensle, fortel ein av kurshaldarane for Barnas Plattform, Sølvi-Ann Hove.

Les også: Psykolog: – Foreldre må bruke mer tid med barna

Betalar for å bruke dei rette orda

I Bygstad i Sogn og Fjordane, er Sølvi-Ann Hove kurshaldar for 6 frammøtte foreldre. På kurset fortel Hove om fire verkty som foreldra skal bruke heime for at borna skal få eit god sjølvkjensle og sjølvtillit.

– Eit av verktya skal brukast kring middagsbordet. Vi skal stille dei rette orda for å få fram det positive som skjer i kvardagen. Vi spør ofte om korleis dagen var, men ikkje om kva som har vore bra.

Sølvi-Ann Hove

KURSHALDAR: Sølvi-Ann Hove er kurshaldar for Barnas Plattform i Sogn og Fjordane.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Eit kurs hjå Barnas Plattform tek to timar og kostar nær 800 kr. Foreldra vert fulgt opp av kurshaldaren etter endt kurs.

På kurset i Bygstad deltek mor og førskulelærar Turid Rørgård. Ho tykkjer dette er noko alle burde få med seg.

– Dette opna augene mine, og er eit kurs alle burde hatt.

Turid rørgård på kurs

OPNA AUGENE: For Turid Rørgård var kurset nyttig, både som mor og førskulelærar.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Les også: Mener psykisk helse bør inn som eget skolefag

Starta med mental trening av vaksne

Birgit Semundseth hevdar sjølv at ho er lisensiert mental trenar, og starta Barnas Plattform i 2010.

– Først jobba eg med vaksne, og såg at deira utfordringar ofte var knytt mot manglande sjølvtillit og sjølvkjensle.

Fleire meinte at dette burde dei visst som små.

– I staden for å reparere vaksne, så vil eg jobbe for å få på plass ein plattform hjå borna, for at dei skal verte trygge og sterke som vaksne, fortel Semundseth.

Barnas Plattform

BARNAS PLATTFORM: Kurset på to timar skal lære foreldre fire verktøy for å gje born betre sjølvkjensle og sjølvtillit.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Kurs er ikkje løysinga

– I utgangspunktet er det ikkje nødvendig med slike kurs. Dagens foreldre er stort sett veldig dyktige til å ta vare på ungane sine gjennom dei ordningane som allereie eksisterer, meiner generalsekretær i Rådet for psykisk helse, Tove Gundersen.

Tove Gundersen

DYKTIG NOK: Generalsekretær for Rådet for psykisk helse, Tove Gundersen, meiner foreldre ofte er flinke nok.

Foto: Paal Audestad

Kring 15 til 20 prosent av alle born mellom 3 og 18 år har psykiske vanskar, syner den siste folkehelserapporten.

– Desse kursa vert etablert fordi det er ein del born og unge som slit, og sjølvsagt vil det kunne hjelpe, men det er nødvendigvis ikkje kurs som er løysinga på det, seier Gundersen.

Les også: – Mange barn sliter psykisk på grunn av familien

Hevdar at det hjelper

Semundseth meiner tilbakemeldingane frå foreldra, seier sitt.

– Eg forstår at Rådet for psykisk helse ikkje kan følgje med på kvaliteten og effekten av alle kurs som vert tilbydd, men eg er glad for å høyre at Tove Gundersen anerkjenner at kurs kan hjelpe, då det er noko vi tydleg høyrer frå foreldre som har deltatt.

– Rådet for psykisk helse har eit mykje større perspektiv enn Barnas Plattform. Vårt bidrag handlar om enkle verkty for å betre og oppretthalde bornas sjølvtillit og sjølvkjensle, meiner Semundseth.

Les også: – Kan være tøft for barn å bære foreldrenes ambisjoner