NRK Meny
Normal

Foreldra møtte ikkje til rettssaka

FJORDANE TINGRETT (NRK): Saka mot det norsk-rumenske ekteparet som er tiltalt for oppdragarvald er utsett etter at dei tiltalte ikkje møtte opp då rettssaka skulle starte.

Ragnhild Torgersen

KOM IKKJE: Forsvarar Ragnhild Torgersen vil ikkje kommentere om ho kjende til at det tiltalte foreldreparet ikkje ville møte til rettssaka i dag.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Det norskrumenske foreldreparet tok med seg dei fem barna sine og flytta til Romania i august i fjor, og ifølgje advokaten deira skulle dei kome tilbake til rettssaka som startar i dag.

Men no viser det seg at dei likevel ikkje kjem. Det blir stadfesta av aktørane i tingretten no klokka ni.

Ingrid Breistein

RETT: Forsvarar Ingrid Breistein vil ikkje kommentere foreldreparet sitt fråvær i retten i dag.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Den avgjerda som kom i retten i dag var rett, og vilkåra for å fremje saka i deira fråvær var ikkje oppfylte, seier Ingrid Breistein, forsvarar for den tiltalte mora.

Ikkje gyldig fråvær

Til NRK i august forsikra advokat Ragnhild Torgersen, som representerer familiefaren, at foreldra ville møte.

– Ja, det vil dei sjølvsagt, sa Ragnhild Torgersen.

I Fjordane tingrett i dag hadde ikkje Torgersen noko som helst forklaring på kvifor foreldreparet likevel ikkje har møtt i retten. Verken Torgersen eller Breistein vil kommentere om dei kjende til at foreldreparet ville møte eller ikkje.

– Det ligg ikkje føre noko opplysning om gyldig fråvær i lovas forstand, seier Torgersen

– På spørsmål i august om dei kom til rettssaka, svara du at «Ja, det vil dei sjølvsagt»?

– Det var slik det var formidla då.

Skal finne ny dato

Sissel Kleiven

IKKJE KONTAKT: Politiadvokat Sissel Kleiven er ikkje overraska over at foreldreparet ikkje møtte i retten. – Vi hadde problem med å få stemna dei tiltalte. Dei responderte ikkje på ein slik måte som venta, seier ho.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Tingretten slo fast at ekteparet ikkje har lovleg forfall frå rettssaka, og dommarane trekte seg tilbake for å vurdere kva som skal gjerast vidare. Aktor i saka, Sissel Kleiven, ynskte å føre saka utan dei to tiltalte.

Dette sa ikkje forsvararane seg samde i. Kleiven er ikkje overraska over at foreldreparet ikkje møtte.

– Dei har ikkje svart på stemninga, dei svarer ikkje på telefon og har vore umoglege å få kontakt med, seier politiadvokaten.

– Svekkjer det saka til tiltalte å ikkje møte i retten?

– Det gir aldri eit godt inntrykk å ikkje møte i retten når ein er stemna i ei sak, så i utgangspunktet vil det svekke dei.

Mange demonstrasjonar

Kleiven seier dei no vil gjere nye forsøk på å komme i kontakt med foreldreparet.

– Vi har ikkje fastsett saka på nytt i dag, men ynskjer å vite kvifor dei ikkje møtte i retten. Så vil saka bli sett opp att på eit seinare tidspunkt, seier ho.

Naustdalsaka vart kjent som ei barnevernssak der barnevernstenesta i Naustdal kommune tok fire born frå eit ektepar og plasserte dei mellombels hjå andre familiar.

Demo mot barnevernet

ENGASJERTE: Barnevernssaka utløyste ei rekkje demonstrasjonar i utlandet mot det norske barnevernet.

Foto: Berg-Rusten, Ole / NTB Scanpix

Borna, den yngste ein baby og den eldste 11 år, vart alle tekne ut av heimen og plasserte i tre ulike fosterheimar på Vestlandet.

Foreldra vart først sikta, så tiltalt for vald. Saka engasjerte langt utover Sunnfjord sine grenser, med demonstrasjonar i ei rekkje land.

Fekk borna att

Foreldra har overfor politiet vedgått at dei ved fleire høve har utøvd vald mot borna sine som ein del av oppdraginga. Samtidig har foreldra angra sterkt på dei har gjort og lova at dei aldri skal gjere det meir.

Barnevernet i Naustdal ville flytte barna over i permanent fosterheim, men det enda med at foreldra fekk alle ungane tilbake.

Hovudgrunnen til dette var ein omfattande rapport utarbeidd av to erfarne psykologar som konkluderte med at barna måtte tilbake til foreldra. Det vart konkludert med at foreldra var endringsvillige og at dei har god omsorgsevne.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.