Hopp til innhold

– Global «D-dag» mot norsk barnevern

Laurdag blir det demonstrert i 20 land mot norsk barnevern. Ei sak frå Sunnfjord der fem born vart tekne ut av heimen, er opphavet til aksjonane, som på førehand blir kalla ein «D-dag» mot norsk barnevern.

Barnevern-demonstrasjon i Romania

BUCURESTI: Demonstrantar i hopetal samla seg i den rumenske hovudstaden. Liknande demonstrasjonar blir arrangert ei rekkje stader.

Foto: Barnevernsaksjonen si Facebook-side

Demonstrasjon i Bologna

Frå demonstrasjonen mot barnevernet i Bologna, Italia

Foto: Facebook-gruppa til aksjonistane

Ifølgje ei aksjonsgruppe blir det demonstrert 59 stader, i 20 land rundt om i verda i dag. Demonstrantane vil vise si avsky mot det dei meiner er maktmisbruk frå det norske barnevernet.

Det skjer same dag som britiske BBC sender ein kritisk dokumentar Barnevernet i Norge.

Henta fem born

I løpet av ettermiddagen blir det arrangert demonstrasjonar på alle kontinent, varslar den verdsomspennande aksjonsgruppa på si Facebook-side. I Norge er det varsla demonstrasjon i Stryn, der også familiemedlemmer vil delta, og i Oslo.

Demonstrasjon Melbourne

Frå demonstrasjonen mot barnevernet i Melbourne, Australia

Foto: Facebook-gruppa til aksjonistane

Bakgrunnen er at fem born i fjor haust vart henta ut frå ein norsk-rumensk familie i Naustdal. Politiet har sikta foreldra for oppdragarvald. Familien sine støttespelarar meiner barnevernet hindrar ei kristen oppseding.

Saka har fått stor merksemd i fleire land. Tidlegare har det blitt demonstrert på framfor dei norske ambassadane i Bucuresti, London, Madrid og Washington D.C., for å nemne nokre. I Romania har fleire tusen trekt til gatene i protestar i fleire storbyar.

Fekk tilbake baby

Nyleg avgjorde Fjordane Tingrett at det yngste barnet, ein baby skulle førast tilbake til foreldra. Dei andre fire borna framleis plasserte i fosterheimar.

Demonstrasjonen mot Barnevernet i Milan, Italia.

Demonstrasjonen mot Barnevernet i Milan, Italia.

Foto: Facebook-gruppa til aksjonistane

NRK har gjentekne gonger freista å få kommentar frå dei aktuelle foreldra som begge fleire gonger har stilt opp i intervju med utanlandsk presse. Dei har ikkje ville snakke med norske journalistar. NRK intervjua derimot nyleg besteforeldra til dei aktuelle barnevernsborna. Dei stiller seg uforståande til Barnevernet sin inngripen.

– Vi forstår det rett og slett ikkje, sa borna sin norske bestefar som bur i same gardstun.

– D-dag mot norsk barnevern

Frå demonstrasjonen i Glasgow

Frå demonstrasjonen i Glasgow.

Foto: Facebook-gruppa til aksjonistane

Demonstrantane har i dag fortløpande lagt ut bilete frå støttemarkeringar over heile verda. Avisa Dagen skriv at demonstrasjonane på førehand har blitt kalla «ein D-dag mot norsk barnevern.»

Redaktøren i Dagen, Vebjørn Selbekk, har skrive fleire kommentarar, der han påpeiker at faktafeil om saka blir spreidde i store kristne aviser i USA.

Ifølgje heimesida til støttegruppa for familien, er mellom anna pinsevenar, Adventist-kyrkjer og rumenske medium baserte i USA, oppført som støttespelarar til aksjonane.

– Demonisering av Noreg

Demonstrasjon Adelaide

Demonstrasjon Adelaide mot norsk Barnevern.

Foto: Facebook-gruppa til aksjonistane

I ein kommentar, skriv Vebjørn Selbekk at Noreg blir utsette for ein demoniseringskampanje av dei amerikanske advokatane til familien.

«...en artikkel som nå spres internasjonalt på kampanjens nettsider forut for lørdagens demonstrasjoner. Den er skrevet av en av familiens amerikanske advokatar, Peter Costea, og har tittelen «66.6 hours in Norway». Advokaten besøkte Norge i februar og skal angivelig ha tilbrakt 66,6 timer på norsk jord.»

Vebjørn Selbekk

Redaktør i den kristne avisa Dagen, Vebjørn Selbekk, meiner Noreg blir utsett for demonisering av dei amerikanske advokatane til familien.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

– Vanskeleg sak

Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen, seier dette har vore ei krevjande sak for kommunen.

Øyvind Bang-Olsen

Rådmann Øyvind Bang-Olsen fortel til NRK at det har vore ei krevjande sak.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Kommunen har vore igjennom to rettsrundar i saka, ein gong i fylkesnemnda og ein gong i tingretten. Tingretten stadfesta kommunens vedtak for fire av dei fem borna.

Det at eit av barna er ført tilbake, trur du det kan ha gjeve demonstrantane vatn på mølla?

– Eg trur ikkje eg skal gå inn i ein diskusjon om det. Det som er viktig er at vi er fagleg trygge på den jobben vi gjer. Vi har dyktige medarbeidarar, og vi prøvar å fokusere internt på det som er oppgåva til kommunen og det er å skape gode rammer for alle barn, seier Øyvind Bang-Olsen til NRK.