Førde vann to cupfinalar på ein dag

OSLO (NRK): Med ein overlegen siger over Randaberg sikra Førde Volleyballklubb sitt herrelag at det vart to cupfinalesigrar på ein dag for Førde.

Cupgull til Førde volleyballklubb

DOBBEL GULL: Førde Volleyballklubb sikra seg to cupgull i Oslo laurdag.

Foto: Ole Kristian Førde / NRK

– Eg trur ikkje eg skjøna kor stort dette ville vere før kampane var ferdige, seier Vitor Macedo.

Brasilianaren er kanskje den som har hatt den beste dagen av alle volleyballspelarane i dag, han trente nemleg damelaget som tok sitt andre cupgull på to år, før han som spelar var med på å sikre endå eit cupgull for herrelaget.

– Dei to gullmedaljane smakar veldig forskjellig, for dei to laga er veldig forskjellige. Eg er berre så stolt av at Førde Volleyballklubb har fått til dette, seier Macedo.

Han vil særleg trekkje fram sigeren til damelaget, og kor stort han tykkjer det er at laget vinn to cupgull på rad.

– Eg er utruleg stolt over jentene, og kor hardt dei jobbar i dag. Når dei stoler på meg om min plan, så er det heilt fantastisk å sjå at det går bra, seier trenar-spelaren.

Trenar Vitor de Lima Macedo i timeout for Førde
Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Den beste volleyballkampen denne sesongen

Og sportsleg leiar i Føde Volleyballklubb Jan Egil Tvinde var strålande fornøgd med dobbelsigeren.

– Damekampen er vel den beste volleyballkampen som har blitt spelt denne sesongen, så det var veldig kjekt å sjå frå benken. Og i herrekampen hadde vi god kontroll heile vegen, seier Tvinde.

Han meiner Det er ein stor prestasjon å klare å vinne to cupfinalar same dag.

– Eg veit ikkje om det er nokon andre som har gjort det same tidlegare. Det er i alle fall utruleg sterkt av oss. Vi kom inn som favorittar i begge kampane, og då er det ikkje alltid lett å innfri slik vi gjer i dag, seier Tvinde.

Olve Grotle på cupfinalen i volleyball
Foto: Ole Kristian Førde / NRK

Ordføraren på kampen

Førde har vunne cupgull både for herrar og damer tidlegare, men det er første gong at det skjer samstundes for begge laga.

Mange førdianarar hadde teke turen for å heie på dei to volleyballaga, og ein av dei er ordførar Olve Grotle.

– Då er vi i gang! Førde-jentene jaktar på cupgull. 🏐👍 Kjempestemning, skriv han på Facebook-sida si.

Førde Volleyballklubb sin herrar sikra cupgull

NØGDE: Det var god stemning i Ekeberghallen under cupfinalane.

Foto: Ole Kristian Førde / NRK