NRK Meny
Normal

Har sett seg meir hårete mål enn nokon gong

Førde Volleyballklubb skal til kvartfinalen i Europacupen innan 2021.

Mathias Loftesnes og Førde kan juble

EUROPACUP: Førde volleyballklubb har sett seg meir hårete mål enn nokon gong: kvartfinale i Europacupen. – Men første delmål er å hevde oss heilt i toppen i Norge, og det betyr at vi allereie neste år må ha eit lag som viser att i Nordisk Liga, seier styremedlem Jan Ove Hafstad.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den ambisiøse femårsplanen vedtok årsmøtet torsdag kveld.

– Det er naturleg å stille høge krav til oss sjølve, og resultat vi ynskjer å oppnå, seier styremedlem Jan Ove Hafstad.

– Vi må heve oss

Hafstad kjenner seg trygg på at årets cupmeistrar har det som skal til for å nå måla som ein dugnadsklubb. Går ein tilbake til byrjinga av 2000-talet, var det få som trudde at klubben skulle nå ein cupfinale. Men det var målet.

Og det nådde dei første gang i 2007. Så i 2011 og i 2016. To gonger er klubben blitt seriemeistrar. Dei neste to helgane spelar dei om eit nytt. Nordisk meisterskap er det også blitt.

– Vi treng meir, nytt og betre verktøy for å nå måla. Ikkje minst økonomi. Men vi må heve oss på alle felt i klubben for å klare dette, seier Hafstad.

Framleis dugnad

– Suksessen til Førde VBK ligg ikkje i å gå profesjonelle, men i det fantastiske miljøet og samhaldet. Alle bidreg på best mogleg måte. Det er den vegen vi har kome oss der vi er i dag, legg Hafstad til.

Budsjettet til neste år er allereie heva med 200 000 kroner til 2,5 millionar. Det er likevel ikkje nok. Europacupspel kan gje dyre og lange reiser, som til Sibir i 2013.

– Næringslivet har støtta oss heile vegen, men vi kan ikkje støtte oss berre på sponsorar. Vi må finne andre inntektskjelder, seier Hafstad og legg til at dette er eit arbeid styret no tek til på.

Langsiktig lagbygging

Klubben har tradisjon for å levere spelarar til dei ulike landslaga, og vil halde fram talentsatsinga. Det nyleg inngåtte samarbeidet med Høgskulen i Sogn og Fjordane gir klubben no moglegheit til meir kontinuitet i spelarstallen.

Unge talent skal få satse som toppidrettsutøvarar i tillegg til å få seg ei utdanning.

– Det gjer at spelarane blir her i tre-fire år og vi kan bygge lag over tid. Førde har ikkje ressursar til å byggje opp eit nytt lag for kvar sesong som kan hevde seg i toppen, seier Hafstad.

Ny innandørshall

Eit stort skjær i sjøen er derimot Førdehuset, som ikkje støttar krava det europeiske forbundet har til ein europacuparena. Ein arena må ha kapasitet på minimum 2 000 publikumarar – og 12 meter takhøgd.

I tillegg er kapasiteten sprengd. Spelarane har meir enn ein gong søkt alternative hallar. Så også i desse EM-tider og oppkøyringa til seriefinalen mot Nyborg.

– På sikt må vi finne andre stadar for å avvikle dei store kampane. Dette er tankar vi har sysla med lenge, og ting vi vil ta tak i, avsluttar Hafstad.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå