Hopp til innhold

Russarane vart for sterke - igjen

(FAKEL NOVY URENGOY – FØRDE 3-0): Det vart David mot Goliat igjen, då Førde reiste til Sibir for å prøve seg mot russarane i europacupen. På same måte som i heimekampen vart det 3–0 i settsiger til verdsstjernene.

Førde måtte sjå at russarane var for sterke - igjen

FOR STERKE: Den russiske motstanden vart nok ein gong for sterk. Førde tapte til slutt 3-0 i sett mot Fakel Novy Urengoy.

Foto: Arild Undheim

– Vi var vel eigentleg aldri i tvil om kven som skulle gå sigrande ut av kampen, seier Arild Undheim som er team manager for Førde Volleyballklubb sitt herrelag.

Som spelar Lars Fredrik Tvinde sa det etter heimekampen i starten av november, det vart verdsstjerner mot amatørar.

– Det er slik det er. Dei er såpass mykje flinkare i alle ledd, så det er vanskeleg å ta dei, Men eg synest gutane gjorde eit ærleg forsøk, men dei er hakket betre, seier Undheim til NRK.no.

– Dei ser kva som skal til

I det første oppgjeret mellom dei to laga var det også russarane som var klart best. Førde yppa seg i periodar, men dei russiske stjernene viste fram kreftene sine.

Dei to laga er vidt forskjellige, til dømes har spelarane på Fakel Novy Urengoy millionlønn, noko som nesten er meir enn klubbudsjettet for Førde VBK. Likevel, Førde-klubben har lagt pengar på bordet for å måle krefter med storlaget frå Russland. Berre turen til Sibir har kosta dei nesten 200.000 kroner.

Det er det verdt, meiner Undheim.

– Det som er viktig er at om ein som spelar skal bli betre, så må ein møte dei gode laga. Her får spelarane møte dei beste, og dei ser kva som skal til og kva som trengst for å bli god.

– Vi må berre sjå og lære av det dei gjer, og øve på det slik at vi kan bli betre og kanskje ta oss vidare til neste år, seier team manageren til NRK.no.

Fekk spele mot stjernene

Han seier turen til Sibir på mange måtar har vore ei oppleving i seg sjølv, og seier dei har blitt svært godt tekne vare på.

– Vi bur på eit fint hotell med god mat, vi blir henta med buss til og frå trening, og alt er lagt til rette for oss.

– Eg er glad eg får lov til å vere med i det heile teke, og eg trur det er endå kjekkare for spelarane enn for oss i støtteapparatet.

– Dei har nok hatt det kjempeartig, dei har fått spele mot stjerner som dei til vanleg berre ser på Eurosport og dei kanalane, seier Undheim.