Medan Hordaland blir delt inn i to driftseiningar, skal gamle Sogn og Fjordane politidistrikt halde fram som ei eining.
I ei pressemelding frå Vest politidistrikt kjem det fram at hovudsetet i Sogn og Fjordane blir flytta frå Florø til Førde. Dette var ukjent nytt for Flora-ordførar Ola Teigen (Ap).
– Dette overraskar meg. Politimeister Kaare Songstad har sagt at han vil satse i Florø, at huset skal fyllast med aktivitet og nye politifaglege miljø. For meg verkar dette for å vere ei nedbygging, seier han til NRK.
Blir som i dag
I tillegg til å bli hovudsete for politiet i Sogn og Fjordane, får Førde halde fram som administrasjonsstad for tenesteeininga i Sunnfjord. Nordfjordeid og Sogndal blir administrasjonsstad for høvesvis Nordfjord og Sogn.
Prosjektleiar Helge Stave i «Prosjekt nytt politidistrikt», seier at det ikkje automatisk blir flytta stillingar frå Florø til Førde.
– Fagfunksjonane skal framleis liggje desentralisert i lensmannsdistrikta, og dei byggjer vi no opp. For Florø sin del vedtok vi nyleg å flytte fagmiljøet for arkiv frå Bergen til Florø, og vår felles etterforskingseining i Bergen vil ha personell i Florø, seier han.
– Må vere mobile
I pressemeldinga skriv politiet at kommunar og fagforeiningar har vore invitert til høyring om dei geografiske driftseiningane sine ansvarsområde og eventuelle endringar i lokalisering av leiinga i dei nye geografiske driftseiningane.
Forslaget til val av administrasjonsstader for tenesteeiningane byggjer på det totale arbeidet med nærpolitireforma og endring av tenestestrukturen i Vest politidistrikt.
Politidistriktet sin samansette arbeidsgruppe og deira rapport, samt risiko- og sårbarheits vurderinga (ROS-vurderinga), drøftingar i styringsgruppa, innspel frå kommunane i deira høyringssvar, har alle vore sentrale i valet av administrasjonsstad for politidistriktet sine tenesteiningar.
– Dei nye leiarane for dei geografiske driftseiningane må vere mobile og førebudd på å reise rundt i sin driftseining, skriv prosjektleiar Stave i pressemeldinga.
Ikkje ny bygningsmasse
Stave seier vidare at administrasjonen til leiaren kan ha ein desentralisert plassering, der administrativ fagkompetanse er lokalisert fleire stader i den geografiske driftseininga.
– Dei nye administrative einingane vil ikkje medføre oppbygging av ny og større bygningsmasse eller mange nye arbeidsplassar på det staden der leiaren av den geografiske driftseininga vil ha sitt administrasjonsstad. Det same gjeld for administrasjonsstaden for dei nye tenesteeiningane, som er lensmanns- og politistasjonsdistrikta, seier Stave.
– Vi jobbar no med bemanninga av dei nye tenesteiningane i politidistriktet. Fagstillingar vil i stor grad framleis ligge ute i einingane, avsluttar han.