Hopp til innhold

For mange blir denne jula grøn

Drøymer du om ei kvit jul? Om du bur langs kysten av landet vårt så kan du truleg sjå langt etter det.

Stig Sæten frå Lodalen og grøn jul.

GRØNE JULEDRAUMAR: Om snøen ikkje alt har kome, så blir det neppe kvit jul der du bur.

Foto: Privat

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Julevêret er alltid høgst aktuelt og mange av oss ser for oss stjerneklar himmel, knitrande snø, kuldegrader, glade barn og fred på jord.

Men statsmeteorolog Martin Granerød kan på ingen måte love at det er slik det blir når Sølvguttene syng jula inn om ei veke.

Plussgrader og regn

Rett nok: Dei stadane som alt har 10–20 centimeter eller meir med snø, kan vente seg ei nokolunde kvit jul. Men for alle andre...

– Det betyr at dei stadane som har ein god del snø allereie, der vil det framleis vere snø inn mot julaftan. Så er det kyststroka som vil få plussgrader og der vil dei nok også få ei grøn jul, slår Granerød fast.

I veka vi har igjen før julaftan kan særleg kystområda vente seg klissblaute byer og milde temperaturar.

Opphald i sør og aust

– Då blir det stort sett skya vêr og periodar med regn i låglandet og sludd og snø i høgda. Inn mot vesle julaftan og julaftan så ser det ut for at det skal dreie på nordavind.

Det betyr at det blir opphaldsvêr på aust- og Sørlandet, og truleg byeaktivitet i resten av landet.

Sjølv i kyststroka i til dømes Nordland er det venta såpass mildt vêr at snøen nok let vente på seg denne jula.

For mange av oss er det andre året på rad med bygevêr og regn julaftan. På Sør- og Austlandet blir det stadig færre år med kvit jul.

Slik kan altså jula bli for mange i Noreg i år.