NRK Meny
Normal

Fødde to av tre born i ambulanse - takkar jordmora for at alt gjekk vel

Jorunn Åsfrid Røyrvik frå Vik har født to av sine tre born i ambulanse. Sistemann hadde navlestrengen rundt halsen, men det fann ho heldigvis ikkje ut før etterpå.

Jorunn Åsfrid Røyrvik

GJEKK GODT: Jorunn Åsfrid Røyrvik er ei av dei mange kvinnene som har opplevd å måtte føde i ambulanse fordi det ikkje var råd å komme fram til sjukehus i tide. Her saman med dottera Anne Birthe, som kom til verda i Myrkdalen.

Foto: privat

Kvinner i Sogn og Fjordane har størst risiko for å føde før dei kjem fram til sjukehus, syner tal frå 2002 til 2012.

Den første guten ho fødde, rakk ho å få på sjukehus. Men då barn nummer to skulle til verda i 2002, rakk ho rett og slett ikkje fram.

– Det skjedde ganske fort. Vi bur jo med ein viss distanse til sjukehus, så uansett kor raskt vi prøvde å komme oss dit, så rakk vi ikkje det, fortel Røyrvik.

Når ein bur i Vik, har ein over éin time å køyre dersom ein skal til sjukehuset på Voss. Er riksveg 13 over Vikafjellet stengt, noko han ofte er vinterstid, så må ein derimot til Førde sentralsjukehus.

Då blir turen tre gonger så lang, inklusiv ferje.

Kom ikkje lenger enn til Myrkdalen

Då Røyrvik skulle ha barn nummer to, var fødefølgjet på veg til Voss sjukehus. Men dei kom ikkje lenger enn til Myrkdalen, for Anne Birthe hadde hastverk.

Ambulansen vart vrengt ut til sida, og mannen til Røyrvik kom over i ambulansen dei minutta fødselen gjekk føre seg, slik at han fekk med seg storhendinga.

– Eg kjende litt at panikken tok meg, og eg tenkte på korleis det skulle gå. Så lenge ting går bra, så gjer dei det, men det er avgrensa kor mange hjelpemiddel du har i ein ambulanse, seier Røyrvik.

Ho rosar jordmora i Vik, Kari Haga, som har vore med på å ta i mot mang ein vikje som har komme til verda omtrent i fart.

– Ho er rolegheita sjølv, er stødig og ei eg har full tiltru til. Ho sa at dette skal gå bra. Og då ho sa det, så slappa eg av. Og det gjekk både bra og raskt, men det er takka vere at jordmora var med i bilen og var så stødig som ho var, seier Røyrvik.

Var ubehageleg då tankane rasa i hovudet

Sjølv tenkte ho mest på å få jobben gjort.

– Det vart ikkje noko panikk. Men det var litt ubehageleg akkurat då tankane rasa rundt i hovudet og eg forstod vi ikkje kom fram, seier Røyrvik.

Etter endt fødsel, hoppa mannen tilbake i sin bil, og følgjet drog vidare til Voss sjukehus.

Anne Birthe sjølv tykkjer det er litt stas å ha komme til verda på slikt vis. For kvar gong familien passerer Myrkdalen, snakkar dei om kva som skjedde akkurat der.

– Ho tykkjer det er litt artig, trur eg, seier Røyrvik.

Seks år seinare skulle Røyrvik og mannen ha unge nummer tre. Ein liten gut ville til verda, og også han hadde bråttom med utfarten. Men det var januar og den kvelden vatnet gjekk, var vegen over Vikafjellet stengd.

Jordmor vart kontakta og det vart rådslege kva ein skulle gjere. For begge dei to føregåande fødslane hadde gått fort, og jordmora hadde mistanke om at også tredje fødsel kunne gå fort.

– Men vi vart einige om at vi prøver å reise mot Lærdal og sjukehuset der.

Hadde navlestrengen rundt halsen

Men frå Vik til Lærdal treng ein vel to timar, inkludert to ferjer. Og har ein det travelt, så er ikkje ferjer noko ideelt.

– Han vart fødd på ferja, omtrent i det vi la til kai på Fodnes. Og han hadde navlestrengen rundt halsen. Det ante eg ikkje før etterpå, fordi vi har ei jordmor som er så roleg og stødig. Eg følte meg i grunn ganske roleg. Eg hadde jo gjort det ein gong før, så eg tenkte at det går vel bra, seier Røyrvik.

Men sjølv om alt gjekk vel, så er det ikkje til å leggje skjul på at ein ambulanse ikkje er nokon ideell fødestad.

– Det er jo litt trongt og litt rart. Det er ikkje heilt som det skal. Men det gjekk heilt greitt, seier Røyrvik.

Ho peikar på at jordmor og ei ambulanseteneste som er nær, har alt å seie.

– Eg tenkjer på Balestrand som mistar ambulansen sin, og i tillegg har lang tid til sjukehuset. Det er hårreisande, og det går berre ikkje an, seier Røyrvik.

Fødd i verdas rikaste land - på ein ferjekai

Guten sjølv, tykkjer det heile er litt festleg.

– Han presenterer seg av og til med å seie: Eg er fødd i verdas rikaste land, på ein ferjekai, ler Røyrvik.

Frå 2002 til 2012 har det årleg vore 403 kvinner som i snitt har opplevd å måtte føde utanfor sjukehus, syner tal frå Medisinsk fødselsregister.

– Det var eit større tal enn kva eg trudde. Det er klart at slikt kan også skje sjølv om ein bur nær eit sjukehus, for av og til går det veldig fort. Men det er skilnad på å føde på eit sjukehus og i ei ambulanse, seier Røyrvik.

Sjølv om dei to ambulansefødslane gjekk bra, er ho takksam for at ikkje førstemann kom til verda slik. Han låg nemleg i eit uventa seteleie.

– Då veit eg ikkje korleis det hadde gått med oss, for då er det avgrensa kva jordmora har å hjelpe seg med. Det vart på grensa til ein dramatisk fødsel. Men då nådde vi heldigvis sjukehuset, seier Røyrvik.

Ho peikar på at ein på eit sjukehus har personell og utstyr til å hjelpe seg med dersom fødselen skulle bere gale av stad.

– Den første gongen hadde vi behov for anestesi. Det hadde vi ikkje hatt i ein ambulanse. Det er himmelvid skilnad på tryggleik, seier Røyrvik.

– Å føde i bil er siste sort

Talet på transportfødslar i Sogn og Fjordane er 18 per 1000 fødslar, noko som er langt over Finnmark som er på andreplass på lista med 13 per 1000 fødslar.

I andre enden av skalaen finn ein Aust-Agder med to per 1000 fødslar og Oslo og Akershus med fire per 1000 fødslar.

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre, Gunhild Berge Stang, er skremt over tala på grøftefødslar i Sogn og Fjordane.

– Det seier noko om kor stor faktor avstand er når ein skal føde. Å føde i ein bil er siste sort. Som politikar, som skal ta ansvar for at folketalet går rette vegen, så er det viktig å seie til dei fødande at her i Sogn og Fjordane skal du få trygge og gode fødeopplevingar, ikkje det motsette, seier Stang.

Gunhild Berge Stang

IKKJE IMPONERT: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre, Gunhild Berge Stang, vil ha ned talet på transportfødslar.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Ho fryktar konsekvensane av at tala på grøftefødslar er så høge.

– Eg trur det skremmer unge mødrer. Eg trur eg hadde vorte skremd sjølv. Det å kjenne seg trygg er viktig for fødselsopplevinga, seier Stang.

– Men samtidig går det vel som oftast bra. Er det noko å vere så redd for?

– Ting kan sjå bra ut, men så kan det brått oppstå komplikasjonar. Då er ein avhengig av å vere på eit sjukehus, ikkje i ein bil, seier Stang.

Har laga ein god beredskap

Direktør for Kvinneklinikken i Helse Førde, Tom Guldhav, har ei forklaring på kvifor Sogn og Fjordane toppar statistikken.

– Vi bur her vi bur. Politiske avgjerder har gitt oss den strukturen som vi har i fødetenestene, med eit sjukehus i Førde, samt tilgang på fødestover på Voss og i Volda, seier Guldhav.

Han understrekar at dette også er problemstillingar dei er opptekne av, særleg etter omlegginga av fødetenesta i Lærdal og i Nordfjord.

– Vi har fokusert på å gjere dei transportfødslane som er, så trygge som mogleg, gjennom ein god beredskap for følgjeteneste. Den er lokalisert fem stadar i fylket, slik at kvinnene som føder i ambulanse skal ha med jordmor, seier Guldhav.

Tom Guldhav

TENKJER TRYGGLEIK: Direktør ved Kvinneklinikken i Helse Førde, Tom Guldhav, seier dei har fokus på å gjere dei transportfødslane som er, så trygge som råd.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Stang peikar på at Sogn og Fjordane ligg langt over Finnmark i talet på fødslar i ambulanse.

– Der har ein gjort ein del tiltak for å få ned talet på transportfødslar. Kva tiltak vil Helse Førde gjere for å få ned talet her i fylket, spør Stang.

Ønskjer å få talet på transportfødslar ned

Guldhav peikar på at dei følgjer godt med på tala, og han meiner også at dei ikkje varierer i stor grad frå år til år.

– Vi har sett ei endring frå 2012 til 2013, frå 18 til 16 fødslar. Vi er veldig liberale med å leggje kvinnene inn, i påvente av fødsel, spesielt dei som er redde for reiseavstand. Vi har laga eit system utan store hindringar, seier Guldhav.

Han fortel at kvinner med lang reiseavstand anten kan få liggje på hotell, eller på sjukehus, dersom det er kapasitet.

– Det betyr berre at talet har stabilisert seg på eit negativt, høgt nivå. Då gjer ein berre ting for at ting ikkje skal forverre seg, seier Stang, som vil vite kva som vert gjort for å få talet ned.

Guldhav peikar på at det er små tal ein snakkar om.

– Vi jobbar kontinuerleg for å få talet ned. Vi har tillit til jordmødrene i distriktet til at dei hjelper oss med å styre inn dei kvinnene som har ein høgare risiko, inn i påvente av fødsel, for å unngå transportfødsel, seier Guldhav.

Han peikar på at tidlegare tal har synt at det er kommunar nær Førde som har det største talet på transportfødslar.

– Det er ikkje dei lange avstandane som gjev utslag, seier Guldhav.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser