Hopp til innhold

Flyktningar mista alt i brann: – Veslesøstera mi trudde det var krig igjen

LUSTER (NRK): Ein syrisk flyktningfamilie med åtte born mista alt i ein brann i Gaupne. Lydane av knitring og smell vekte dramatiske minner for flyktningfamilien.

Hiba Almobarak

BLEI REDDA: Hiba Almobarak og resten av familien kom seg ut av det brennande huset, men dei mista alt dei eigde.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg høyrde søskena mine som skreik. Då vi kom ut av huset såg vi at det brann kraftig på taket. Veslesøstera mi trudde det var krig, seier Hiba Almobarak.

Hus brann ned i Luster

NEDBRENT: Slik ser det ut på staden dagen etter brannen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ho budde saman med familien sin i ei av leilegheitene i ein kommunal fleirmannsbustad som tok til å brenne torsdag kveld. Familien med åtte born i alderen seks til 21 år mista heimen sin i brannen.

Almobarak og familien kom til Noreg frå Syria for to år sidan. Nok ein gong står familien utan noko.

– Vi har mista alt. Vi har berre kleda vi går i og familien vår. No har eg same følelse som då vi flykta til Tyrkia frå Syria, seier ho.

Blei redda av nabo

Det budde både familiar med born, einslege og par i det kommunale leilegheitskomplekset som husa flyktningar.

– Naboen vår redda oss. Han gjekk ikkje før alle i familien var ute av huset. Kjærasten til naboen vår tok med seg alle borna til huset sitt og gav dei mat og drikke. Dei var veldig snille med oss, seier Almobarak.

Flyktningar mista alt i brannen

FÅR HJELP: Familien med åtte born får no hjelp av både kommunen og lokalsamfunnet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det er sju leilegheiter i den kommunale fleirmannsbustaden. Minst to av leilegheitene er totalskadde. I den eine budde ein einsleg person. I den andre budde familien frå Syria.

Hanne Bisgaard

FÅR TELEFONAR: Hanne Bisgaard i Nav seier mange vil stille opp.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er traumatisk for dei involverte. Dei tenker mykje på kva som i verste fall kunne skjedd om ikkje alle kom seg ut, seier Hanne Bisgaard i Nav i Luster.

Luster kommune jobbar med å skaffe nye bustadar til familiane. Lokalsamfunnet slår no ring rundt dei som blei råka av brannen.

– Vi har allereie fått mange telefonar frå folk i Luster som vil hjelpe. Det er mange som vil stille opp, seier Bisgaard.

SJÅ VIDEO: Dette var synet som møtte bebuarane i Gaupne.