Familien med åtte born står utan heim

Flyktningar mista alt dei eigde i ein brann i Gaupne. Fleire leilegheiter er totalskadde.

SJÅ VIDEO: Fleire leilegheiter er totalskadde i brannen i Gaupne.

Eit foreldrepar med åtte born i alderen seks til 21 år var blant dei som miste heimen sin under brannen i Gaupne i går.

Hanne Bisgaard i Nav i Luster seier familien er sterkt prega.

– Foreldra er spesielt prega. Dei har tenkt mykje på kva som i verste fall kunne skje. Borna er ved godt mot og i godt humør, seier Bisgaard.

Mista alt dei eig

Alarmsentralen fekk melding om brannen klokka 22:51 torsdag kveld. Det er seks leilegheiter i den kommunale fleirmannsbustaden, og flammane slo gjennom taket på den eine.

– Det var folk i huset då det byrja å brenne. Alle kom seg velberga ut, seier vaktleiar Frode Korneliussen.

Det budde både familiar med born, einslege og par i det kommunale leilegheitskomplekset som for tida husar flyktningar.

– Dei har mista alt dei eig. Vi skal gi den støtta vi kan, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen.

Ingen vart skadde i brannen, og dei 15 personane som har adresse i dei sju leilegheitene i fleirmannsbustaden, er innlosjerte på hotell i Gaupne. Fire av leilegheitene har fått mindre skader, medan to er totalskadde

– No må vi handle inn ting dei har bruk for. Kommunelege og kriseteam er med dei som er råka, seier Kvalen.

Mange av flyktningane er frå Syria, og fleire av dei involverte er born. Luster kommune jobbar med å skaffe nye bustadar til familiane.

– Kommunen kjøpte eit hus for kort tid sidan. Håpet er at vi innan kort tid får brukt det, seier Kvalen.

Gaupne

LITE ATT: 15 personar budde i fleirmannsbustaden som brann på torsdag.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK

Jobba intenst

Det var lenge fare for at brannen skulle spreie seg til eit anna bygg. Det er to fleirmannsbustadar som ligg tett ved kvarandre.

– Brannvesenet jobba iherdig med å hindre at brannen skulle spreie seg til nabobygget som ligg tett ved. Bustadane ligg med ei bod mellom seg, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Kl. 01.45 hadde brannmannskap kontroll på brannen. Brannvesenet har framleis folk ved brannstaden for å halde vakt.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om brannårsaka.

Gaupne

ETTERFORSKAR: Politiet er på plass ved brannstaden.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK