Hopp til innhold

Reiste over 100 mil for å sjå opprykkskampen

FLORØ (NRK): Tage Herstad fekk broren og fleire kompisar på besøk i Liverpool. Sjølv reiste han over 100 mil heim for å sjå opprykkskampen til Florø.

Tage Herstad i Florø

HEIM: Tage Herstad er imponert over publikumstala til Florø denne sesongen. Klubben har hatt eit snitt på vel 700 tilskodarar på heimebane. – Det imponerte meg at 1.300 såg Vålerenga 2 her på ein måndag klokka 15, seier han.

Foto: Truls Kleiven

Laster innhold, vennligst vent..

Lokalavisene Firda og Firdaposten sender kampen direkte her (abonnement).

– Eg sat lenge og tenkte på det og til slutt sa eg berre: «pokker eg stikker». Denne sjansen får eg sikkert ikkje igjen på mange, mange år. Om den skulle komme att, gliser han.

Måtte reise

Tage Herstad

TO LIDENSKAPAR: Florø-skjerfet har æresplass ved Anfield Road-skiltet i Tage Herstad sin eigen pub i Liverpool.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Tage Herstad er florøværingen som tidleg på 2000-talet sa opp sjauarjobben og flytta til England for å følgje favorittlaget Liverpool på nært hald . Men medan kompisar og broren kom frå Norge til Liverpool for å sjå Premier League-laget møte Manchester United på måndag, tok Herstad ein svipptur til Florø.

Billettane bestilte han onsdag. Fredag sat han på flyet frå Liverppol. Rundt midnatt kom han til kystbyen.

– Denne helga er det sikkert 3.000 nordmenn i Liverpool, og eg trur ikkje scouserane har noko i mot om ein reiste andre vegen. Og broderen har eg budd saman med store delar av livet, så han kjenner eg godt, humrar han.

Medan spelarane har spelarmøte, ladar Stimen opp til opprykkskamp på Hjørnevikbua.

SJÅ VIDEO: Medan spelarane legg slagplanen på spelarmøtet, ladar supporterane i Stimen opp med allsang og god stemning på Hjørnevikbua.

– Er verdt kvar ei krone

– Men er det ikkje ein dyr og langreist kortvisitt?

Pokalen som vinnaren av 2. divisjonsavdelinga får.

POKAL: Dersom 2. divisjonsavdelinga blir avgjort på Florø stadion i dag, får Florø denne pokalen til odel og eige. I tillegg til opprykket...

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det får så vere. Vinner vi, så er det verdt kvar ei krone. Om det er galskap? Er du først sjauar, så er du alltid sjauar og då kan du gjere dumme ting heile tida, skrattar han.

Kystbyen er kledd for opprykk, med velkommen flagg til gjestande allereie i Brandsøya. Lyktestolpane gjennom byen er pynta med flagg. Og gatene per preg av fotballheltane sine blå og svarte trøyer. Med strålande haustsol, er ramma for årets siste - og viktigaste heimekamp - perfekt.

Vart kasta ut

Endre Kupen

TO MÅL: Endre Kupen har 25 mål så langt i 2. divisjon. Kanskje blir det to nye mot Nest-Sotra?

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

– Det er stas dette. Det som skjer i dag er veldig spesielt. Og sjølv om vi taper i dag, så har vi ein sjanse til, seier Herstad og legg til at han ikkje tek same turen om avgjerda først fell neste helg. Når Florø møter nedrykksklare Lørenskog på bortebane. Og rival Nest-Sotra tek imot Fyllingsdalen.

Så kjem erkjenninga.

– Men eg er eigentleg Tempo-mann. Vart faktisk kasta ut av Florø stadion ein gang då eg heia på Sandane. Det vart ein notis i lokalavisa, storskrattar han.

Opprykkskamp i Florø. heng opp flagg, supporterar.

SJÅ: Med nedleggingane i Florø siste tida, er resultata til Florø Fotball ein stor opptur for kystsamfunnet.

Lillestrøm og Start

– No er det andre tider. Både Terje Rognsø og Geir Rindheim er gamle Tempo-gutar. Eg berre håpar dette går, seier og ser supporterane i Stimen ta inn på Hjørnevikbua for å starte si opplading til kampen.

Herstad har følgt Florø frå fotballøya gjennom tekstmeldingar og live-oppdateringar. Når det no vart opprykkamp, måtte han gripe sjansen.

– Tenk, neste år kan Florø spele mot lag som Lillestrøm og Start. Og dei kjem på Florø stadion. Dette setter Florø på kartet. Det er også viktig for supporterkulturen og eg håpar folk byrjar å støtte laget også på bortebane, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..