Hopp til innhold

Fotballfeberen rasar i Florø

FLORØ (NRK): I Florø vaier det svarte og blå flagget, og innbyggjarane i kystbyen har allereie funne fram fotballskjerfet i matchande fargar. Heile byen er prega av fotballfeber.

Stimen dekorerer klubbhuset til Florø Fotball.

HEIDER: Supporterklubben 'Stimen' har gjort klare eigne banner til spelarane. Lukkast laget skal dei hyllast som heltar.

Foto: Truls Kleiven

– I morgon laurdag, 15. oktober, kan bli eit vendepunkt i Florø by si historie. Dette kan bli den største dagen for byen nokon sinne, seier Per Øyvind Helle.

Han er dagleg leiar i "byen vår Florø", og patriot på sin hals. Når han troppar opp på Florø stadion laurdag for å sjå laget sitt spele seriefinale mot Nest-Sotra får han følgje av fleire enn berre den harde kjernen.

– Eg har ein til kollega som skal på fotballkamp for første gong. Vi forventar publikumsrekord, seier Helle.

Per Øyvind Helle

HJARTEBANK: Per Øyvind Helle grugler seg til laurdagens fotballkamp.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Sigrar Florø mot Nest-Sotra rykker dei opp i 1. divisjon. Med uavgjort eller siger til gjestene blir det først avgjort neste helg kven av dei to som vinn 2. divisjonsavdelinga.

– Det er ei magisk kraft i fotballen, ingenting skapar større fellesskapskjensle enn fotballen, seier Helle, som sjølv er ein av mange nervøse Florøværingar.

Opprykkskamp i Florø. heng opp flagg, supporterar.

Byens store samtaletema

Nærare 3000 publikummarar er venta til Florø stadion. Rundt kafeborda i kystbyen blir det nærast ikkje diskutert anna enn den førståande kampen.

– Vi gler oss, og reknar med det går bra. Sesongen har vore bra, så vi håpar dei kronar han med opprykk, seier Arne Bredesen og Ivar Magnussen.

Dei har følgt laget lenge, og er fast inventar på stadion når det er kamp.

– Laget i sin heilskap og trenar har gjort ein god jobb. Den største sjansen til opprykk er no, seinare sesongar blir det vanskelegare med endra system, trur dei.

Dei to laga har scora mange mål i årets kampar, men ingen av dei to Florøpatriotane trur det blir ein målrik kamp.

– Nei, det trur eg ikkje. Eit av laga vinn med eit mål.

Kampen kan du følgje spark for spark på NRK sine nettsider.

Laster innhold, vennligst vent..