Hopp til innhold

Florø blir hovudsete i Kinn kommune

Diskusjonen om kvar eit nytt kommunesenter skal ligge vart tøff, men i dag vart Vågsøy og Flora samde.

Kristin Maurstad og Ola Teigen

REALISTISK: Begge ordførarane har meiner det er realistisk at Vågsøy og Flora blir samla i Kinn kommune i framtida, sjølv om dei i dag ikkje har ein meter samanfallande kommunegrense.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det var eit godt og konstruktivt møte med litt temperatur. Vi har vore gjennom dei utfordrande punkta, og fått ein avtale som seier noko om det, seier gruppeleiar i Flora Høgre, Hanne Husebø Kristensen.

Kristin Maurstad

VISJONAR: Om ei veke møtast dei til nye forhandlingar. Då står visjonar for den nye kommunen på dagsorden. – eg håpar på fleirtal til slutt, seier Vågsøyordførar Kristin Maurstad.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ho var samla med kollegaer frå Vågsøy og Flora for å spikre konkret innhald i intensjonsavtalen mellom Flora og Vågsøy. På dagsorden stod tema som kommunesenter, samferdsle, og kommunenamn.

– Namnet var kanskje det enklaste å bli samde om, seier Vågsøyordførar Kristin Maurstad, om Kinn-namnet som ein landa på.

Vil satse på regional utvikling

Like enkelt var det ikkje å bli samde om at Florø skal vere den nye kommunen sitt hovudsete, for begge kommunane gjekk inn i møtet med plan om å sikre seg hovudsetet.

– Om vi skulle gje frå oss det, så var det viktig for oss å sikre eit sterkt Måløy sentrum og få nye utviklingsoppgåver, seier Maurstad.

Dersom den nye kommunen blir ein realitet, så vil Måløy sitje i førarsetet på å utvikle samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og næringslivet, innan klima, IKT, miljø og fornybar energi.

– Dette klarar vi ikkje å gjere nok av i dag, men i ein større kommune kan vi ha musklar til det.

Samferdsleutfordringar

Ikkje alle har vore like begeistra for planane om å slå dei to kystkommunane saman. Varaordførar i Vågsøy, Nils Myklebust, sa til NRK tidlegare i dag at det er kunstig å slå seg saman med Flora.

Hanne Husebø Kristensen

POSITIVT: Flora bystyre sende politikarane inn i intensjonsavtalane med positive signal, det trur høgrepolitikar Hanne Husebø Kristensen blir stadfesta når saka skal opp til endeleg avgjerd.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har barrierar med fjordane og ferjer, det er ikkje greitt i det heile tatt, etter mitt syn. Etter kvart blir det færre arbeidsplassar i Vågsøy, og det vil også påverke handelen, meinte han.

Kristensen meiner på si side at delegasjonen frå Vågsøy bør vere godt nøgde med avtalen som no er i hamn.

– Eg meiner Vågsøy har all grunn til å vere nøgd med avtalen dei kjem heim med.

Firdaposten har følgt møtet gjennom dagen, og melder at samferdsle også er eit viktig element i avtalen. Fleire båtruter, kystveg og Stad skipstunnel er noko av det som den nye kommunen vil jobbe for.

Kommunane har i dag ikkje felles grense, og Bremanger som ligg mellom har vore klare på at dei ikkje vil inn i ein ny kommune.

Er det seriøst meint å slå saman to kommunar som ikkje har noko felles grense?

– Ja, sjølvsagt at der seriøst. Vi har diskutert utfordringane som ligg i det, med hyppigare båtruter og kommunikasjon oss i mellom.

Innbyggjarane skal få seie sitt i ei telefongransking i mars, og det skal også haldast folkemøte får dei to by- og kommunestyra seier endeleg ja eller nei til planane.