Hopp til innhold

Vågsøy vil slå seg saman med Flora

MÅLØY (NRK) Vågsøy og Flora kan ha slått seg saman før mars er over. Det er høgst uklart om innbyggarane i den nye kommunen skal høyrast før avgjerda blir fatta.

Formannskapsmøte i Vågsøy

HAR DÅRLEG TID: Alt før neste månad er over kan kommunestyra i Måløy og Flora ha vedteke å slå seg saman.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Draumen om ein kystkommune kan føre til eit nytt og uvanleg kommunekart. Formannskapet i Vågsøy gjorde i dag vedtak om å starte forhandlingar om ein intensjonsavtale med Flora. At heile Bremanger kommune ligg i mellom skal ikkje få stogge planane.

– Vi ynskjer å slå oss samen med Bremanger og Flora, vi ynskjer å gå i forhandlingar med Flora og vil at Bremanger skal ta del i desse, eventuelt ta del seinare. I løpet av mars må vi ha klar ein intensjonsavtale, no er vi i gong, seier ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad (Ap).

Lange avstandar og Bremanger i midten

Det vil ta vel to timar å køyre frå Måløy til Florø om ein ikkje reknar ventetid på ferja Måløy-Oldeide, ei ferje som går 13 gonger i døgeret. Kring ein time av køyringa vil vere gjennom Bremanger, som så langt har takka nei til forhandlingar.

Kristin Maurstad

FORT: Går alt etter planen kan intensjonsavtalen vere ferdighandsama før komande månad er over.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det kan vere komplisert med tanke på geografi. Men det går båt mellom Florø og Måløy som tek vel ein time. Teknologiske løysingar går raskt med tanke på å kommunisere digitalt, men det er klart at avstandane vert utfordrande, seier Maurstad.

Høgt tempo kan velte folkerøysting

Tempoet i arbeidet skuldast at ein vil henge på Regjeringa og Stortinget sine vedtak om reform til våren. Maurstad kan ikkje svare no på om det vert innbyggarhøyring eller folkerøysting:

– Det må vi kome tilbake til, det er mogleg med både folkerøysting og telefonundersøking, men dette har vi ikkje avgjort endå.

Maurstad er klar på at kysten treng ein storkommune:

– Det er behov for kysten å samle seg, ikkje jobbe fragmentert og kvar for seg. Vi treng ei tyngre eining.

– Respektlaust mot Bremanger

Nils Myklebust

SKEPTISK: Nils Myklebust (Sp) krev folkerøysting om storkommune.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Senterpartiet er tydeleg skeptiske til å hoppe bukk over Bremanger. Varaordførar i Vågsøy, Nils Myklebust (Sp), vil heller utvikle kystsamarbeidet vidare:

– Ein set Bremanger under press, det synest vi ikkje er greitt. Å ha ein kommune midt i mellom er eg veldig usikker på, ein annan ting er kva vi eigentleg kan oppnå.

Høgre og Venstre støttar fullt ut arbeidet

Gruppeleiar for Høgre, Morten Hagen, meiner dei respekterer kommunen i midten:

– Bremanger får ta sine val, men det er eit sterkt ønske om å få med Bremanger.

Edvard Iversen (V) meiner det ikkje er tid for ei folkerøysting, men er open for innbyggarundersøking. Iversen er klar på at Flora er å føretrekke framfor å slå seg saman med nye Eid/Selje kommune.

– Vi er eit kystfolk, vi har den kulturen her. No er det fyrste gongen på 50 år at vi har moglegheita til å organisere ein større kystkommune, den sjansen kan vi ikkje la gå frå oss.

Edvard Iversen

NØGD: Edvard Iversen (V) trur på ein ny kommune på kysten, trass store avstandar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK