Det skapte store overskrifter då det i vinter vart kjent at den tidlegare England-, Skotland- og Italia-proffen hadde signert for Sogndal.
- LES OGSÅ:
Flo var lunken...
I tida etter signeringa dyssa Flo sjølv ned forventningane med at det slett ikkje var sikkert at det vart noko comeback, men at han og familien flytttar til Sogndal.
- LES OGSÅ:
No ser det likevel ut til å gå mot eit comeback for den heimvende stryningen. Ifølgje Sogn Avis er Tore André Flo i trening og kan få sin debut i heimekampen mot Sarpsborg 08 16. juli.
Er i trening
– Tore André trenar godt og er i god fysisk form, men har ikkje eliteserienivået inne per no. Det tek ei stund å få kroppen inn i kampmodus igjen, men med nok trening er eg sikker på at han vil komme dit, seier Sogndal sin sportslege leiar, Trond Fylling, til Sogn Avis.
Og ei forsterking i form av Flo kan komme godt med for det nyopprykka eliteserielaget. Onsdag kveld melde NRK.no at kaptein Eirik Bakke skal kvile dei neste fem kampane på grunn av skader.
- LES OGSÅ:
Flyttar i løpet av sommaren
– Ein skadefri Tore André Flo vil vere verdifull for eitkvart lag. Han har bøttevis med erfaring, seier Fylling som også jobbar med å få på plass andre forsterkingar i løpet av sommarens overgangsvindauge.
– Men kven og når, veit vi ikkje enno.
- LES OGSÅ:
Tore André Flo er i dag busett i London. I løpet av sommaren flyttar han saman med kona Randi, som opphaveleg kjem frå Sogndal, og dei fem borna deira tilbake til Sogndal der Flo hadde sin eliteseriedebut tidleg på 1990-talet.