Hopp til innhold

Flo kan vere på veg til Sogndal

Spekulasjonane går for fullt i Sogndal om Tore André Flo kan i vere ferd med å gjere comeback for bygda sitt eliteserielag.

Tore Andre Flo

TIL SOGNDAL? Tore Andé Flo har søkt barnehageplass i Sogndal for to av ungane sine.

Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

I dag skriv Sogn Avis at den tidlegare Sogndal-, Brann-, Tromsø og Chelsea-spelaren har søkt om to barnehageplassar i bygda. Den tidlegare spissen har fem ungar og to av dei er i barnehagealder.

Ifølgje avisa har Flo også sjekka moglegheitene for kjøp av hustomt.

Flo trente med Sogndal i ei veke i januar. Trenar Harald Aabrekk vil ikkje seie kva planar klubben eventuelt har for Flo.

– Men dersom Tore André flyttar til Sogndal, er det naturleg at han vert ein del av oss.

Fetter Håvard Flo kjenner ikkje til eventuelle flytteplanar, men seier at han kunne blitt god ressurs for klubben.