Tore André Flo trenar med Sogndal

Flo kasta glans over årets første Sogndal-trening, men avviser at han vurderer comeback i svart og kvitt.

Tore André Flo trenar med Sogndal

PÅ TRENING: Tore André Flo avviser kontant at han kan vere aktuell for eit Sogndal-comeback - men på trening synte han glimt av gammal storleik.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Eg er på ferietur og nyttar høvet til å trene litt med Sogndal, seier Flo, som har feira jul og nyttår med svigerfamilien i Sogndal.

Han avviser umiddelbart at han vurderer å gjere eliteseriecomeback for Sogndal.

Viste glimt av gammal storleik

– Det er ikkje snakk om det. Det skal skje noko spesielt om eg skal i gang att no. Dette er berre for å ha det moro når eg først er i Sogndal. Og moro var det for det var fart i denne treninga, seier den sveitte og andpustne fotballpensjonisten etter halvannan time med hardkøyr inne i Sognahallen.

Han hang greitt med i speleøkta, og viste glimtvis fram teknikken som gjorde han til ein høgt skatta spelar i mellom anna Chelsea, Rangers og Siena.

LES OGSÅ:

– Avviser aldri ein Flo

Det var nok ikkje fritt for at sportsleg leiar Trond Fylling gjorde seg sine tankar då han fekk sjå stryningen i svarte og kvite treningsklede.

– Når det gjeld floar avviser eg aldri noko som helst. Der kan den eine etter den andre dukke opp, men Jostein Flo er i alle fall heilt uaktuell, seier Fylling glisande.

Han legg til:

– Dette er ikkje noko vi har tenkt på. Det skal mykje til, og no skal han berre trene med oss i ei veke.

Inspirerande for dei unge

Forholdet mellom trenar Harald Aabrekk og Tore André Flo er ualminneleg sterkt. Dei to har følgt kvarandre i Stryn, Sogndal, Brann og på landslaget. I fjor overtalte han Håvard Flo til å gjere comeback i ein alder av 40. Tore André er berre 37 år.

LES OGSÅ:

– Når han er i Sogndal så trenar han med oss. Det er berre kjekt og veldig inspirerande for dei unge spelarane våre, seier Aabrekk.