NRK Meny
Normal

Nesten alle fjellovergangane er opne på julaftan

Fleire fjellovergangar har opna etter at vêret har betra seg utover dagen.

E16 Filefjell.

OPENT: Fleire fjellovergangar har langt betre vêr på julaftan enn tidlegare denne julehelga. Her frå E16 Filefjell ved Smedalen klokka 13.15 i dag.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Nokre fjellovergangar hadde dårleg vêr og ei rekkje med lokale vegar hadde framleis problem etter uvêret «Birk» på morgonen i dag.

Men utover dagen har vêret betra seg og dei fleste fjellovergangane mellom aust og vest er no opne på julaftan.

På dei lokale vegane har det vore rydding av jordras og fare for nye ras, men både på riksveg 13 i Odda og E134 i Etne er det no opna for trafikk igjen.

Også riksveg 15 over Strynefjellet opna etter ei ny vurdering klokka 12.00.

– Vêrmessig ser det lovande ut framover, så mi oppmoding til dei som må ut på vegane i dag er å køyre forsiktig, seier trafikkoperatør Eirik Rystad Skånøy i Statens vegvesen.

Slik er statusen for dei sentrale vegane:

  • Rv. 15 Strynefjellet er opent etter ny vurdering klokka 12.00.

  • Fv. 53 Årdal–Tyin open etter snøskredkontroll søndag føremiddag.
  • E16 Filefjell ope for fri ferdsel. Snø- og isdekke og redusert sikt på grunn av snøføyk.
  • Rv. 13 Vikafjellet ope for fri ferdsel. Snø- og isdekke.

  • Rv. 13 Byrkjenes bru mellom Odda og Tyssedal, er ope for trafikk igjen.

  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet er ope, men det er redusert sikt på grunn av kraftige snøbyer. Store køyretøy bør bruke kjetting.

  • Fv. 50 Hol – Aurland er ope, men somme stader redusert sikt på grunn av kuling og snøbyer.

  • E134: Ope for manuell dirigering ved Kyrping i Etne. Var stengt i nesten eitt døgn grunna jordras.

  • E134: Haukelifjell er ope.

  • Rv. 7 Hardangervidda er stengd på grunn av uvêr. Her blir det ny vurdering klokka 19.00.

Fleire lokale vegar stengd

  • Fv. 181 på strekninga Bergheim–Feios er stengd på grunn av steinras.

  • Fv. 214 på strekninga Fimreite–Valeberg er stengd på grunn av fare for ras etter jordras og steinras. Ny vurdering i morgon på dagtid.
  • Fv 550 Velure, mellom Utne og Odda. Redusert framkomst grunna mykje vatn i vegbana.
  • Fv. 607 på strekninga Lavik–Leirvik, stengd på grunn av flaum. Tilrådd omkøyring via fv. 63 Lavikdalen.
  • Fv. 720 Hjelleøyane, på strekninga Hjelleøyane–Erdal, er stengd på grunn av rasfare.
  • Fv. 312 Sunndalsøra – Grøa er stengd på grunn av fare for ras.

  • Fv. 655 Norangsdalen, på strekningen Ørsta – Tryggestad, er stengd på grunn av rasfare.

    .

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.